Ut med målform!

Gunnhild Skjold, leiar Norsk Målungdom
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Har me to måtar å skriva norsk på, eller to norske skriftspråk? I 2004 innsåg Stortinget at samnorsk var ein dårleg idé. I 2019 er det på tide å skrota samnorskordet målform, og kalla nynorsk og bokmål det dei er: to sjølvstendige skriftspråk.

Kva ord og omgrep vi nyttar om språk, er òg med på å styre haldningane våre til språka.  I dag vert målform, språk og målføre – som tyder dialekt – brukt om ein annan. Kva som er eit språk og kva som er ei dialekt – eller ei målform – er ikkje berre eit spørsmål om språkvitskap. Det er mest eit spørsmål om språkpolitikk. Nokre seier at to språkvariantar er eigne språk når brukarane ikkje forstår kvarandre. Hadde det berre vore so enkelt.

I 2019 er det på tide å skrota samnorskordet målform

Nordmenn forstår stort sett svensk og dansk. Bokmål og dansk er på mange måtar likare enn nynorsk og bokmål. Om likskap og forståing skulle avgjera aleine, må me seia at alle dei skandinaviske språka er eitt språk. Og det gjer me jo ikkje. I den finsk-ugriske leiren finn me tilsvarande problem. Finsk og kvensk er so like at kvenar og finnar forstår kvarandre godt. Likevel vedtok Stortinget i 2005 at kvensk ikkje lenger var ei finsk dialekt, men eit eige språk.

Samnorskideen har stor skuld i omgrepskaoset. Tanken om at nynorsk og bokmål skulle tvingast saman, førte til at politikarane lenge ikkje ville bruka ordet språk. Den sokalla samnorskparagrafen vart oppheva i 2004. Då Grunnlova kom både i nynorsk- og bokmålsutgåve i 2014 var det eit tydeleg teikn – staten Noreg vil at me skal ha to norske skriftspråk òg i framtida.

Staten Noreg vil at me skal ha to norske skriftspråk òg i framtida

Ordet målform er utdatert, ubestemmeleg og er i verste fall skadeleg for språka våre. I ordet ligg det ei forståing av at nynorsk og bokmål er former av same språk. Då vert det lettare å oversjå kva brukarane av det minste språket treng. Ordet tek vekk statusen til språka våre, og reduserer nynorsk og bokmål til kvar sin måte å skriva norsk på – i staden for to sjølvstendig skriftspråk med kvar sin skriftkultur, språkhistorie og litteratur.

Kulturminister Trine Skei Grande har lova ei ny språklov, som skal erstatta dagens mållov. Heile den norske skulen er i endring, og i laupet av få år skal me få både nye læreplanar i norsk og ei ny opplæringslov. No har styresmaktene er ein glimrande sjanse til å rydda opp i språket om språka våre: Kall ein spade for ein spade og eit språk for eit språk.