Ølglas i plast, straumforbruk, tonnevis med bos og avfall pregar festivalane. No brukar Sigrid og Unge Ferrari makta si til å krevja grønare tiltak.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne veka tek tusenvis av engasjerte musikkelskarar turen innom noregs største musikkfestival, Øya. Inntil 15.000 publikummarar samlast dagleg der, og med så mange folk og artistar, betyr det også fort store klimaavtrykk.
Ifølge ein rapport om klimaavtrykk frå festivalar, generer festivalar som Coachella og Stagecoach 100 tonn med avfall – kvar dag. Sjølv på klimamedvitne Øya-festivalen blir det produsert 55 tonn med avfall på dei fire festivaldagane.
LES OGSÅ: På denne festivalen kan du betale inngangsbilletten med plast
Grøne krav
Saman med Øya, har energiselskapet Fortum no laga eit forslag til ein grøn rider, og oppmodar artistar til å ta i bruk denne.
Ein rider er artistane sine krav og behov for å opptre, og er alt frå sceneoppsett, mat og drikke backstage og anna dei meiner dei treng.
Blant dei internasjonale artistane, kjem det stadig rykter om oppsiktvekkjande krav på rideren, som importerte Versace-handklede, spesifikke blomar, slushmaskin, oppblåsbar båt, splitter nytt toalett-sete og anna. Men rideren kan også brukast på ein annan måte.
No ynskjer norske artistar å bruka makta si til å stilla miljøkrav til konsert- og festivalarrangørar.
LES OGSÅ: Norske festivalar ser mot Europa for å unngå søppelkaos
Meir vegetarisk mat
«The Green Rider», som Fortum og Øya har skrive, tek for seg fem område som kan ha effekt på miljørekneskapen til festivalar.
Desse er:
- Meir vegetarisk mat
- Reduksjon av fossile energikjelder
- Mindre bruk av eingongsplast
- Transportløysingar med lågaste moglege utslepp
- Å avgrensa avfall og at det vert attvunne
Norske artistar er med
Pop-artist Sigrid og rappar Unge Ferrari er to av headlinerane på Øya-festivalen i år, og har begge skrive under på den grøne rideren, som startar slik:
«Vi, artistene, sender ut denne grønne rideren for å bidra til å skape klimavennlig forandring i musikkbransjen. Vårt mål er å påvirke musikkfestivaler over hele verden til å introdusere grønne rutiner som sørger for en så bærekraftig festival som mulig. Her er våre grønne krav».
I eit intervju med Billboard fortel Unge Ferrari at han synest det er viktig å stilla seg bak rideren.
– Eg håpar andre artistar og festivalar kan følgja dette døme, fordi det er veldig viktig. Me er snart på eit punkt der det ikkje er nokon veg tilbake, seier han i promofilmen.
Sjå video:
Se dette innlegget på Instagram
Også Sigrid håpar fleire vil følgja etter.
– Eg håpar det kan inspirera fleire festivalar og få musikarar, artistar og band til å tenke meir på det, for me burde alle vera redd for klimaendringar.
Sjå video:
Se dette innlegget på Instagram
Også Thea Hjelmeland, Pom Poko og Misty Coast er med på ta i bruk den grøne rideren.
Vanlege folk kan også signera på at artistar bør ta i bruk den grøne rideren. Signerer du, vil det bli oversendt til festivalar over heile verda, lovar Øya og Fortum. Til no har litt over 700 personar signert dette oppropet.
LES OGSÅ: Har du sett Sigrid sin nye musikkvideo? PLOTTBLOTTAR: Dette er ikkje Sigrid!
Klima viktig for publikum
Ifølge ei undersøking gjort av Ticketmaster, meiner 62 prosent av britiske festivalgåarar at klimaavtrykk frå festivalar er den viktigaste saka for dei denne sommaren. Også på Øya merkar dei dette.
– Gjennom publikumsundersøkinga ser me at dei blir meir opptekne av å ta miljøvenlege valg både på festivalen og i kvardagen, fortel Christina Wong, miljøkoordinator på Øyafestivalen, til Framtida.no.
Er klimaavtrykk viktig for deg når du skal velga festival?
Er klimaavtrykk viktig for deg når du skal velga festival?
I 2018 hadde dei ein attvinningsgrad på 65 prosent av alt avfallet, noko dei meiner hadde vore umogleg å få til utan publikum si hjelp til å kjeldesortera avfallet sitt.
Dei håpar fleire festivalar vil følgje etter.
– For Øya er det viktig å kunne finna berekraftige løysingar ved alle aspekt, frå scenelys til mat, og å kunne inspirera andre arrangement til å gjennomføra eigne miljøtiltak. Me har ein arena som når ut til mange, og har eit godt høve til å påverka publikum, samarbeidspartnarar og artisar. Det vil me nytta fullt ut.