Har du sett Sigrid sin nye musikkvideo? Plottblottar: Dette er ikkje Sigrid

Då ålesundartisten skulle til Bulgaria for å spele inn ny musikkvideo, gjekk knapt noko etter planen.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter over ein månad med planlegging var alt duka for at Sigrid skulle spele inn musikkvideo til songen «Mine right now».

Men på grunn av forsinka fly rakk Sigrid aldri fram til fjella i Bulgaria, der innspelinga skulle finne stad.

Når alt heldt på å gå i vasken, så laut den namibisk-tyske regissøren Max Siedentopf (28) steppe inn.

Aldri så gale at det ikkje er godt for noko

Siedentopf har nok mange talent, men dans og karaoke er ikkje to av dei (noko han sjølv er fullstendig klar over). Utfordringane enda heller ikkje der.

Vinden øydela kulissane, ei drone krasja i innsjøen, og eit overraskande besøk av ein drage. Det gjekk ikkje heilt etter planen.

Resultatet vart likevel ganske uforgløymeleg. Og artisten sjølv, ho verkar nøgd: