Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 16.12.2022 08:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er skummelt å jobbe i dei lange, djupe tunnelane, forklarer Daniel Akilimali Wilondja (17).

– Men det største problemet er at det er vanskeleg å puste, samstundes som det er tungt arbeid, fortsett Mukamba Jackson Watongoka (16).

I sommar vitja dei to tenåringane Noreg. Reisa var i regi av Operasjon Dagsverk og gjekk heile vegen frå Mwenga, eit territorium i provinsen Sud-Kivu, aust i DR Kongo.

I skuggen av eit tre på ein av sommaren sine varmaste dagar fortel Daniel og Mukamba om sine erfaringar frå dei omdiskuterte gruvene i heimlandet.

Utdanning for ei betre framtid i DR Kongo

Før dei kom til Noreg fotograferte Daniel og Mukamba kvardagen sin. Foto: Privat

Operasjons Dagsverk er Noregs største solidaritetsaksjon av, med og for ungdom. Kvart år brukar tusenvis av norske elevar ein skuledag på å jobbe til inntekt for ei sak, som er stemt fram av Elevtinget.

I år går pengane til Caritas Noreg sitt prosjekt: «Utdanning for ei betre framtid i DR Kongo».

Daniel og Mukamba går begge på ungdomsskulen, men har gått glipp av større delar av utdanninga si. Mukamba har gått glipp av to år, medan Daniel har gått glipp av eitt. I DR Kongo varar ungdomsskulen i fire år, før dei går vidare.

Når Mukamba blir vaksen ønskjer han å jobbe med IT, og Daniel ønskjer å bli sjukepleiar slik som far sin.

Men akkurat no er det ingen av dei som går på skule.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Daniel og Mukamba har ankommet Norge!!!

Et innlegg delt av Daniel & Mukamba (@daniel_og_mukamba)

Jobbar i gruver i staden for å vere på skule

Det kostar pengar å gå på skulen, noko foreldra deira ikkje har råd til å dekke med 10 barn i kvar av søskenflokkane. Som dei eldste i kvar sin søskenflokk har Daniel og Mukamba ekstra stort ansvar. Derfor starta dei begge å jobbe i gruvene utanfor Mwenga.

Gruvene ligg ein 12-24 timars gåtur frå Mwenga, ei lang og krevjande reiserute. Dei unge gutane er difor borte frå familien og skulen i ein til to månadar i strekk. Slik har dei jobba i nokre år no.

Når ein kjem fram til gruvene er det kamp om arbeidet: der er mange som ønskjer å jobbe. I massane av menneske finn ein også barn heilt nede i 12 års alderen, fortel gutane.

Farleg og krevjande arbeid

Daniel og Mukamba må gå langt heimefrå for å kome på jobb. Foto: Privat

Dei som får jobb skal no jobbe 8-10 timar om dagen, langt under jorda i mørke tunnelar.

Sjølv om arbeidet er både krevjande og farleg får dei ikkje utdelt noko verneutstyr. Arbeidsgivarane forventar at ein møter opp med hovudlykt, gummistøvlar, og bukse. Hanskar, masker eller hjelmar er det ingen som har.

Buforholda er heller ikkje noko å skryte av.

Somme gongar får dei utdelt telt, men som oftast legg dei berre litt blad på bakken. Dei får heller ikkje pledd å breie over seg, men søv i tjukke jakker.

Dei har ikkje tilgang på dusj, men Mukamba seier at det er ikkje noko poeng i å dusje: Det er heilt mørkt nede i tunnelane, og ein blir skitten med ein gong uansett.

Daniel Akilimali Wilondja (17) fortalde dei norske ungdommane på Somarseminaret til OD om livet i DR Kongo. Foto: OD

Legg seg svoltne

I utgangspunktet skal dei få utdelt eit kort slik dei får mat etter arbeidet, men det har hendt fleire gongar at dei som har ansvaret for å dele ut desse korta har gløymt det. Då legg gutane seg på svoltne på blada dei har laga til senger på bakken.

Gutane blir fleire gongar sette til å knuse steinar med sine eigne hender, noko dei ikkje alltid har nok styrke til å gjere.

Daniel og Mukamba likar ikkje arbeidet og skulle ønskje dei ikkje trong å jobbe der.

– Kva skal vi gjere? Vi har ikkje noko anna val, seier Daniel.

Utdanning er nøkkelen

Dei trur det kan bli betre om dei får fortsette på skulen, og skaffar seg ei skikkeleg utdanning. Utdanning er nøkkelen for å kome seg ut av gruvene, meiner dei.

– Alle har rett til utdanning. Det er ikkje berre noko vi meinar. Det står også skrive i lova i DR Kongo og i FNs barnekonvensjon, seier Trond Tveit, kommunikasjonsrådgivar i Operasjon Dagsverk.

Årets prosjekt vil støtte 15.000 ungdom i gruvelandsbyar med verktøya til å skape ei meir rettferdig fremtid. Gjennom utdanning, arbeid knytt til rettar og vern skal ungdom få betre moglegheiter til ein meir rettferdig sjanse i livet.

OD i Mwenga

Gutane bur enkelt. Foto: Privat

– Vi dro til Mwenga i Øst-Kongo for å lære meir om korleis det daglege livet utspelar seg i ein gruvelandsby, seier OD-leiar Jens Øygarden Ingebrigtsen

Ingebritsen fortel vidare at ungdom i desse landsbyane produserer mineralane i teknologien som er ein naturleg del av vår kvardag i Noreg. Difor tok OD med seg eit knippe mobilar til DR Kongo. På den måten kunne ungdom i Mwenga bruke den same teknologien til å formidle sin kvardag til norske elevar på sin eigen måte.

Tveit var ein av dei som reiste til Mwenga.

– Det er ein liten landsby ei dagsreise i bil frå Bukavu. Der er det ingen strøm, innlagt vatn eller internett, og dei færraste har noko forhold til smarttelefonar, men mange har gamle Nokia-telefonar, seier Tveit.

Daniel og Mukamba delte på ein mobil som dei brukte til å dokumentere kvardagen sin. Dette er noko dei skal fortsette med når dei er tilbake i DR Kongo.

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Planen for i dag: bygge hus

Et innlegg delt av Daniel & Mukamba (@daniel_og_mukamba)

Visste ikkje kva minerala gjekk til

Gutane visste lenge ikkje kva minerala dei henta ut av gruvene vart brukte til. Fyrst då dei kom i kontakt med OD, fekk dei vite at det vart brukt til delar i mobilar.

– Fyrst vart vi stolte over å vere med på å lage desse mobilane. Men etter ei stund gjekk det opp for oss at vi ikkje nyter godane av desse mobilane. Der er ingen fordelar for oss, fortel Mukamba.

Kor mykje gutane tenar varierar veldig. I Mukamba sin beste månad tente han 20 dollar, medan Daniel i sin verste tente berre 7 dollar for det harde arbeidet. Urettferda dei føler på, er difor stor.

– Kva tenkjer du etter vi har fortalt deg korleis vi jobbar, korleis vi hentar ut mineral til din mobil? Kva får det deg til å føle? spør Mukamba.

Daniel Akilimali Wilondja saman med Hannah Flemmen frå distriktskomiteen i Telemark. Foto: OD