Operasjon Dagsverk 2019: Gruvedrift i Kongo

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Artikkelen er omsett frå engelsk av NUPI Skole og til nynorsk av Framtida.no.

Mykje av forskinga i denne artikkelen stammar frå Ben Radleys doktorgradsavhandling, som kan lesast her.

Jean-Paul (alle namn er endra grunna ønskje om anonymitet) startar dagen med ein lang gåtur frå huset sitt til gruva han jobbar i. Det er midt i tørketida, så støvet er overalt. Gåturen tek rundt ein time og denne morgonen har han mykje å tenkje på.

Natta i førevegen kollapsa ein del av gruva hans. Heldigvis vart ingen skadd, men Jean-Paul har ikkje råd til å halde stengt lenge. Han har gjeld å betale og har lova barna at det nye huset deira skal stå ferdig i løpet av året.

Han må kome seg til gruva, kartleggje skadane og få i gang produksjonen så fort som mogleg. Ein buss humpar forbi. Han bit i seg den støvete lufta og strenar opp bakken.

Jean-Paul jobbar som «sjaktleiar» i ei såkalla ikkje-industriell gullgruve (sjå forklaring i neste avsnitt) i Aust-Kongo, i nærleiken av grensa mot Rwanda og Burundi. Rundt 250 000 menneske jobbar i 1600 gruver i denne regionen. Omlag 80 prosent av driv med utvinning av gull. Andre mineral det vert produsert mykje av i Aust-Kongo er tinn (kassiteritt) og coltan.

Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling (OECD) definerer ikkje-industriell og småskala gruvedrift (artisanal and small-scale mining) som «organisert eller uorganisert gruvedrift som hovudsakleg nyttar enkle teknikkar til leiting, utvinning, foredling og transport».

Motsetninga er storskala industriell gruvedrift, som i langt større grad nyttar maskiner og anna teknologisk utstyr, og i langt mindre grad nyttar manuell arbeidskraft.

Sjølve gruvedrifta

I 2017 jobba rundt 800 menneske i gruva til Jean-Paul. Det er hardt arbeid som i all hovudsak vert utført med enkle reiskapar. Dei ikkje-industrielle gruvearbeidarane kan delast i tre kategoriar: anleggsarbeidarar, sjaktarbeidarar og sjaktleiarar.

Jean-Paul si gruve vert styra av rundt 40 sjaktleiarar, som har ansvar for arbeidslag på mellom fem og tretti arbeidarar. Sjaktleiarane står for dei finansielle investeringane i drifta, som tomtekjøp og vedlikehald av sjaktene, og dei tilset og organiserer arbeidarane.

Anleggs- og sjaktarbeidarane utgjer brorparten av arbeidskrafta. Anleggsarbeidarane kan igjen delast i mamans bidons (vannberarar), motards (malmberarar) og loutriers (malmvaskarar).

Dei fleste sjaktarbeidarane er generalistar som vert kalla fundis (handverkarar), men nokre av dei har også meir bestemte roller: Boiseurs (tømrarar) bygger, sikrar og utvidar sjaktene, medan motards (berarar) fraktar material inn i gruva og malm ut av ho.

Sjaktarbeidarane jobbar lange skift, ofte åtte­–ti timar, utstyrt med jernhamrar, meislar og hovudlykter. Alle sjaktarbeidarane Jean-Paul har ansvar for er menn, og stort sett mellom 20 og 40 år gamle. Det er hardt fysisk arbeid, tøft for både unge og gamle.

Sjaktene kan vere trange med lite rom til å bevege seg i. Når ein kjem 20–30 meter under bakken, vert lufta tynnare og arbeidet blir krevjande og farleg. «Arbeidet vårt er veldig vanskeleg. Du må ha mykje energi. Du må vere modig … Sjaktene kan kollapse og nokon kan miste livet», seier Dieudonné, ein erfaren gruvearbeidar.

Media skriv med jamne mellomrom om dødsfall som følgje av at sjakter raser saman.

Provinsen Sør-Kivu ligg heilt aust i Kongo, ved grensa mot Rwanda og Burundi. Heilt nord i Sør-Kivu ligg provinshovudstaden Bukavu.

Provinsen Sør-Kivu ligger helt øst i Kongo, ved grensen mot Rwanda og Burundi. Helt nord i Sør-Kivu ligger provinshovedstaden Bukavu. Illustrasjon: Jørn Rune Buljo / NUPI.

Ikkje-industriell gruvedrift i Kongo

Såkalla artisanal mining er vorte ei av dei viktigaste kjeldene til arbeid og levebrød i Kongo.

I 1983 bestemte president Mobuto seg for å gjere om på reglane for ikkje-industriell gruvedrift, slik at kongolesarane på eiga hand kunne utvinne og selje mineral for å «ta vare på seg sjølv» gjennom ein særleg vanskeleg økonomisk periode. Det gjorde at sektoren vaks veldig, mykje fordi arbeidet kravde få forkunnskapar og var noko «alle» kunne byrje med.

I 2010 rekna Verdsbanken at mellom 8 og 10 millionar kongolesarar var direkte eller indirekte avhengige av ikkje-industriell gruvedrift.

Sektoren er lovleg og til ei viss grad verna av landets gruvelov frå 2018. Gruvearbeidarane må jobbe i offisielt godkjende område (Artisanal Exploratiotion Zones, forkorta til ZEA-ar), ha akkrediteringskort og følgje reglane for tryggleik og miljøvern.

I praksis, derimot, er få ZEA-ar blitt etablerte. Konsesjonane til Kongo sine viktigaste område for mineralutvinning vert heller ikkje selde til multinasjonale gruveselskap, kor desse gruvearbeidarane ikkje har lov til å jobbe. Til dømes er 83 prosent av dei kjende gullreservane i Kongo eigde av tre multinasjonale selskap: Randgold Resources, AngloGold Ashanti og Banro Corporation.

Det har ført til at det meste av den ikkje-industrielle gruvedrifta føregår ulovleg.

Pascal Baguma kassiterittstein, som er fulle av tinnmalm. På ein minarlprosesserings-fabrikk i Bukavu i aust-Kongo, 2004. Foto: AP Photo/Riccardo Gangale

Gruvearbeidarar ber sekkar med malm til utvinning i Kamituga, sørvest for Bukavu.

Tilbake ved Jean-Paul si gruve står sola høgt på den disige himmelen. Dagens første sekkar med malm vert trekte ut av sjaktene. Når dei 25 kg tunge sekkane er ute av gruva, vert dei gjevne til malmberarane, som balanserer dei på skuldrene og fraktar dei til næraste foredlingsstasjon.

Samstundes fraktar vassberarane vatn frå den lokale elva til same stasjon. Vassberarane er alle kvinner. Arbeidet er slitsamt, dei må klatre opp ein to kilometer lang og bratt bakke medan dei ber 20 liters vassdunkar. Dunkane er knytte til tøystykke, som vert festa rundt panna for å bere vekta.

Når malmen kjem til foredlingsstasjonen vert den sikta og slipt for å utvinne gullet. Det vert deretter seld til ein av dei rundt 30 gullhandlarane som held til ved gruva. Dei er lette å kjenne att, med sine svarte koffertar, brune cowboyhattar og reine klede. Noko av gullet kan verte seld til eit av dei få handelshusa i næraste by.

Gruvesektoren vert ofte knytt til vald og mishandling, men når gruvearbeidarane fortel om kvardagen sin, er ikkje biletet svart-kvitt. Verkelegheita deira varierer veldig, både innan same gruve og mellom ulike område.

Nærværet til militæret

I 2015 besøkte forskarar frå International Peace Information Service (IPIS) 200 ikkje-industrielle gruver, med til saman meir en 40 000 gruvearbeidarar, i provinsen Sør-Kivu aust i Kongo. 81 prosent av desse jobba under tilsyn av ikkje-statlege væpna grupper, medan 16 prosent sleppte begge former for menn med våpen på arbeidsplassen.

I rundt to tredelar av gruvene med væpna nærvær vart det rapportert om soldatar som var involverte i ulovlege aktivitetar. Det kunne vere skattlegging, plyndring, tvangsarbeid eller innblanding i produksjon og sal.

Gruvearbeidaren Constantin fortalde om ei gruve han hadde jobba i tidlegare: «Vi vart tvungne til å gje soldatane 1,50 dollar i veka. Om du nekta, kasta dei deg i fengsel. For å sleppe ut av fengselet tvang soldatane deg til å signere ei kontrakt kor du gjekk med på å jobbe for dei i to månadar og gje dei alt du tente.»

Medan lovbrot skjer i nokre område, skjer dei ikkje i andre. Militæret er til stades ved Jean-Paul si gruve. Dei påbyr ulovlege skattar, men avstår frå andre lovbrot. Konfliktar i gruva vert handsama av ein vald komité som dagleg møtest og løyser konfliktar i opne møter på anleggskontoret. Dei fleste konfliktane handlar om småkriminalitet eller usemje om fordeling av fortenesta. Gjengangsforbrytarar får sparken og vert viste vekk av eit uoffisielt gruvepoliti, som består av tidlegare medlemmar av væpna grupper – og om nødvendig, det statlege politiet.

Arbeidarane har ikkje dei same formelle rettane som industrielle gruvearbeidarar har – som betalt ferie, helseforsikring eller rett til å organisere seg. Men det er mogeleg å forhandle om godene. Tidlegare i år streika berarane i tre dagar på grunn av lønsreduksjon som sjaktleiarane prøvde å tvinge på dei. «Vi er sinte og vi må gjere noko», sa ein av dei. Streiken førte fram, og lønsreduksjonen vart ikkje noko av.

Det er også vanleg at sjuke gruvearbeidarar får utbetalt sin del medan dei er vekke frå arbeidet, og at grupper av gruvearbeidarar bidreg til andre sine helse- eller gravferdsutgifter.

Stor betydning for landsbyøkonomiane

I området der Jean-Paul bur vart fleire tusen ikkje-industrielle gruvearbeidarar tvangsflytta i 2011. Grunnen var at eit stort canadisk selskap skulle byggje ei industriell gruve der. Men i dag jobbar framleis ein del av gruvearbeidarane i nærleiken av den nye industrielle gruva. Sjølv om utvinninga er ulovleg, vert lovbrotet forsvart med at ikkje-industriell gruvedrift er sentral for lokaløkonomien. Det canadiske gruveselskapet let vere å tvinge dei vekk i frykt for demonstrasjonar og sosial uro.

Ikkje-industriell gruvedrift er ein stor bidragsytar i lokaløkonomiane. Sjaktleiarar og vellukka gullhandlarar har fortenester på mellom 800 og 2000 dollar i månaden. Mange av dei har flytta familiane sine til provinshovudstad Bukavu, der dei lever med ein velstand og økonomisk tryggleik som få i landsbyen er forunt.

Løningane til arbeidarane er langt meir beskjedne, men dei er likevel heilt nødvendige for landsbyhushaldningane som mottek dei.

Ein ung gruvearbeidar fortalde at «med det eg tener i gruvene har eg allereie kjøpt ei ku til faren min. Med Guds hjelp aktar eg å skaffe han ei til. Og gjennom dette arbeidet kan eg betale for skulegangen til dei to veslebrørne mine. Eg gjer livet mitt betre.»

Dette er ei vanleg erfaring for mange av gruvearbeidarane, og understrekar gruvene si betydning som levebrød for titusenar av familiar på landsbygda i Kongo, der tiår med krig og skakkøyrd politikk har gjort arbeid stadig mindre lønsamt.

Dette er også ein nyttig måte å sjå ikkje-industriell gruvedrift i Aust-Kongo på. Trass i mange farer og dårlege arbeidsforhold, er dette ein bransje som store mengder fattige på landsbygda heilt frivillig går inn i. Gruvene gjev dei høve til å forsørge seg sjølv og familien så godt dei kan, i samfunn der det elles er avgrensa med mogelegheiter.

For å hjelpe gruvearbeidarane må ein ta innover seg denne verkelegheita, som iblant forsvinn frå hjelpeorganisasjonane sine rapportar og nyheitssakene om gruvedrift i Kongo.

Ben Radley

  • Forskar ved Department of International Development, London School of Economics
  • Radley har skrive doktorgrad om gruvedrift i Kongo.
  • Han har drive med internasjonalt utviklingsarbeid i 15 år, og har budd og jobba i Kenya, Burundi og Kongo i ti av dei.