Hudkreftdagen: Kreftforeningen åtvarar mot solarium
Med sommar og sol rett rundt hjørnet, minner Kreftforeningen om at over 2.200 nordmenn får føflekkreft kvart år. Mange av tilfella kan unngåast.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
På hudkreftdagen 22. mai åtvara Kreftforeningen nordmenn mot kreftrisikoen som følgjer med sommarsesongen.
– Vi kan alle gjere noko for å redusere risikoen for å få føflekkreft. Dei fleste tilfella er eit resultat av mykje utesol. Å ha gode solvanar er det viktigaste, men det enklaste du kan gjere er å ikkje bruke solarium, seier generalsekretær Anne Lise Ryel i Kreftforeningen.
Solarium bør veljast vekk
Noreg ligg på verdstoppen i føflekkreft, også kjent som melanom. Ifølgje Kreftforeningen kjem krefttypen av overdriven soling, særleg solforbrenning. Bruk av solarium aukar også faren. Jo tidlegare ein startar å bruke solarium, desto meir aukar risikoen for føflekkreft.
– Det finst inga kjent nedre grense for kva som er trygg solariebruk. Det betyr at du ikkje kan ta litt solarium og tenkje at det er trygt. Derfor bør solarium veljast heilt bort, seier Ryel.