Færre unge overdriv solarium-bruken

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Frå ho var 14 år var Susanne Elstad frå Lillehammer avhengig av å vere brun i huden. På det meste tok ho solarium éin time kvar dag.

– Eg hadde dårleg sjølvtillit, og let dette gå ut over huda mi. Ting blei betre med brunfargen. Viss eg følte meg bleik, var ingenting bra igjen før eg fekk tatt sol, fortel 25-åringen til Framtida.no.

Ho forklarer at ho sjølv var blind for sin eigen brunfarge. Gjekk Susanne ein dag utan solarium, følte ho seg grå og bleik.

– Det blei rett og slett ein sjukdom, utan at eg var klar over det, seier Susanne, som tidlegare har blogga om avhengigheita si.

Melde seg på solvett-kampanje
Då ei venninne tipsa Susanne om Kreftforeningen sin kampanje «Bloggere med solvett», var det først uaktuelt for Susanne å melde seg på. Men så gjorde ho det.

Kampanjen gjekk ut på å halde seg solariumsfri i fire veker, og samstundes blogge om det.

– Då eg fekk svar at eg var ein av dei åtte deltakarane, blei eg heilt kvalm. Eg byrja å kaldsvette, og følte av verda mi raste saman. Eg bestemte meg for å berre med på det, og trøysta meg med at kampanjen ikkje skulle vare for alltid.

Då Susanne oppsøkte ein hudpleiar som skanna huden, fekk ho sjokk. Det var då ho skjønte alvoret over kva ho hadde gjort med huden sin.

– Eg hadde aldri vore redd for rynker eller kreft, og tenkte ikkje langsiktig. Konsekvensar blir ofte oversett, og det er først når ein sluttar at ein kan ta tak i problemet, trur Susanne.

LES OGSÅ: Serine (25) må ligge stille 22 timar i døgeret

Kreftforeningen: Mindre populært å vere solbrun
I følgje Kreftforeningen er det færre som tek solarium i dag, samanlikna med tidlegare.

– Det er ikkje like populært blant dei unge å vere solariumsbrune, men framleis bruker 27 prosent under 25 år solarium. Nokre få bruker solarium veldig ofte, og dette er urovekkande, seier generalsekretær i Kreftforeningen, Anne Lise Ryel.

Kva kan konsekvensane vere av å ta for mykje solarium?

– Mykje bruk av solarium gjer at huden blir tidlegare rynkete. Ein meir alvorleg konsekvens er at det aukar risikoen for å få hudkreft, og risikoen aukar jo meir solarium du tar. Det mange ikkje veit, er at vi ikkje kan seie ei nedre grense for solariumsbruk som er trygg.

LES OGSÅ: Fleire og fleire unge på antidepressiv

Nytt krav om aldersgrense
Rundt 2000 personar får føflekkreft kvart år. Ni av 10 av tilfelle har samanheng med sol eller solarium.

– Føflekkreft er ein av dei kreftformene som har auka mest dei siste åra. Føflekkreft har auka mest blant aldersgruppa 50-60 år, men dette er også den nest mest vanlege kreftformen som råkar dei mellom 25 og 49 år.

Frå 1. januar i år må solstudio følge kravet om eit tilfredsstillande system som kontrollerer 18-årsgrensa for solarium. Solstudioa har hatt 18-årsgrense sidan 2012.

– Sidan 2012 har ein berre kunne henge opp ein plakat. Det er på høg tid at solstudioa handhevar 18-årsgrensa. Vi er spente på om ordninga vil fungere etter formålet. Frykta er at systema blir lette å omgå. Derfor forventar vi at kommunar og Statens strålevern vil prioritere tilsyn og følger med på om systema bidrar til at aldersgrensa blir halde, seier Ryel.

LES OGSÅ: Tar du badstove kvar dag, kan du sleppe å bli dement, viser ny forsking

Ta ein kikk i nettbanken
Susanne Elstad skulle på si side ønske at 18-årsgrensa var der då ho var yngre.

– Det er ein grunn til at grensa er der, og ho burde ha kommen lenge før.

Kva råd vil du gje til andre som trur dei kan vere avhengige av solarium?

– Ta ein pause. Etter ei stund vil du sjå kor brun du er. Spør dei rundt deg, samanlikn brunfarge med andre. Viss du er mykje brunare enn alle andre, så forstår du at det ikkje er normalt. Les deg opp på konsekvensane ved solariumsbruk. Tenk over kva som gjer at du vil vere brun. Kikk i nettbanken på kor mykje pengar du har brukt – og, ikkje minst, byt til sjølvbruning!