Kreftforeningen skuffa over at regjeringa droppar solarieforbod

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Måndag la Direktoratet for strålevern og atomtryggleik fram ein nasjonal UV- og hudkreftstrategi på oppdrag for regjeringa. Målet med strategien er å redusere veksten av hudkreft i Noreg med 25 prosent innan 2040.

– Blant tiltaka er å gi befolkninga betre kunnskap om UV-stråling, soling og hudkreft allereie frå ung alder, opplyser regjeringa.

Les også om Susanne Elstad (25) som på det meste tok solarium ein time dagleg.

– Skuffande og alvorleg

Kreftforeningen er glad for at det er komme ein slik strategi, men saknar spesielt eitt tiltak i han:

– At styresmaktene ikkje eingong er villige til å greie ut kva effekten av eit solarieforbod ville vore, synest vi er både skuffande og alvorleg, seier generalsekretær Anne Lise Ryel.

Ho peikar på at det er fullt mogleg, og ganske enkelt, å regulere solariebruk.

– Vi veit at solarium fører til ein vesentleg del av hudkrefttilfella, spesielt blant unge, så det burde vere sjølvsagt å gjere noko med dette. Det er ingen helsemessige grunnar til at denne kreftframkallande tenesta skal behaldast, seier ho.

Les også: Pass på høyrselen din! Ein låt er nok til å gjere skade