Regjeringen eller regjeringa?

Foreninga for radikalt bokmål vil kjempa mot fordommar og for a-endingar og diftongar.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 25.12.2021 10:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange som ønskjer å skriva radikalt bokmål, men som ikkje tør eller får lov av ulike grunnar, fortel Hans-Christian Holm.

Han er leiar i Foreninga for radikalt bokmål, som starta opp tidlegare i år.

Målet til foreininga er å spreie informasjon om og fremma radikalt bokmål, ei form som rommar meir av talemålsformer, som a-endingar og diftongar.

Søndag var fenomenet tema i NRK-programmet Språkteigen.

Les også: «Hooke», «ditche», «fucke» og «adde» får plass i ny ordbok

Er det lov, har du lov

– Det er mange som vil bruka radikalt bokmål fordi dei kjenner seg heime i det, samstundes som dei føler dei vert motarbeidde trass i at det er lovleg, forklarar Holm, og understrekar at:

– Er det innanfor norma så skal det vere mogleg å bruka det.

Holm, som kjem frå Drammen og til dagleg jobbar som sivilingeniør i data, fortel at dei som vel å skriva radikalt bokmål møter mange fordommar og uvisse.

–  Det er mange som ikkje kjenner til kva som lov. Dei har gjerne ikkje lært det på skulen. I tillegg vert det ofte sensurert vekk av redaktørar i aviser som ikkje slepp det til og då blir ikkje folk så kjent med språket.

Sjølv har han opplevd å bli retta på når han har skrive lesarinnlegg i avisa, men meiner å sjå ein større aksept for språket sitt den siste tida. Etter at foreininga vart lansert i januar har han nesten utelukkande fått positive tilbakemeldingar.

Han meiner at tida er moden for meir radikalt bokmål og trur dialektfridomen i radio og tv kan vere noko av grunnen til at folk er meir liberale enn før.

Les innlegget: «Nynorsk ER mykje tøffare enn bokmål»

vangsnes,

Øystein A. Vangsnes. Foto: Stig Brøndbo, UiT

– Handlar om demokrati og toleranse

Professor i språkvitskap ved Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet, Øystein Vangsnes, er einig i at radikalt bokmål ikkje har hatt nokon høg status.

– Konservativ bokmål dominerer i stor grad og veldig mange møter fordommar dersom dei brukar radikalt bokmål i ulike samanhengar, sjølv om dei tek i bruk former som er innanfor rettskrivinga, seier Vangsnes.

Han meiner større aksept for radikalt bokmål særleg kan gagna yngre språkbrukarar og bokmålsbrukarar utanfor det sentrale austlandet, som Trøndelag og Nord-Noreg.

Professoren ynskjer alle foreiningar som jobbar for meir språkleg medvit i samfunnet velkommen.

– Dei jobbar for aksept for noko som folk identifiserer seg med. Det handlar om demokrati og toleranse, understrekar Vangsnes.

Les også: Null stress når bokmålselevar får møte nynorsk i samfunnsfagtimen

Regjeringen.no

– Om radikalt bokmål hadde hatt høgare status hadde det heitt regjeringa.no og ikkje regjeringen.no, seier Øystein Vangsnes, og legg til:

– Hadde dei brukt regjeringa.no hadde det gått an på både bokmål og nynorsk.

Vangsnes løftar fram merkevaren Hurtigruten som eit anna døme på at konservativ bokmål har hatt ei høgare stjerne enn det meir talemålsnære radikale bokmålet.

Hans-Christian Holm synest Hurtigruten går greitt, men skulle gjerne sett at regjeringa hadde valt ei anna form på nettsidene sine.

– Regjeringen.no er verre. Regjeringen.no fungerer ikkje på nynorsk – og radikalt bokmål vert jo fort litt likt nynorsk.