«Hooke» får plass i ordbok til 100 millionar kroner

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I dag klokka 14 blir den nye nasjonale ordboka for bokmål og riksmål – Det Norske Akademis ordbok (NAOB.no) lansert.

Ifølge Knut Olav Åmås vil det truleg vera «det største og viktigaste som skjer i norsk kulturliv i 2018».

Den nye ordboka har 230.000 artiklar, 300.000 sitat og innhald nok til å fylla 12 bind. Det er den første bokmåls- og riksmålsordboka som viser språket i bruk.

Arbeidet med NAOB tok til i 1999, i første omgang gjennom ei digitalisering, revisjon og modernisering av Norsk Riksmålsordbok. I dei seinaste åra har ein brukt tid på å få inn nyare ord, som til dømes ei rad uttrykk frå SKAM og slang. Prisen på ordboka er 100 millionar kroner.

– Viktigare med norsk skrivemåte

Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom synest det er problematisk at ein del av slanguttrykka er skrivne med engelsk skrivemåte.

Fredrik Hope i Norsk Målungdom. Foto: Odin Hørthe Omdal, Norsk Målungdom

– Me må prøva å normera vårt eige språk. Det burde vore eit alternativ, i alle fall. Ein ser at når ein får norske skrivemåtar som alternativ, slik som med kviss, så blir det tatt meir i bruk.

– Provinsielt

Norsk Målungdom har ikkje nokon vedteken politikk på om enkeltord bør inn i Nynorskordboka. Og om orda skal inn i ordboka, kjem det an på kor mykje dei er brukte, meiner Fredrik Hope.

Han synest det er bra ein får inn ungdomsord inn i ei ordbok, men synest det er problematisk at det er mest slang frå hovudstaden som får plass.

– Det skaper eit bilde at alle ungdommar snakkar slik. Alle som snakkar med ungdom utanfor hovudstaden veit at det er ei rad uttrykk som ikkje blir fanga opp. Det er også eit generelt problem med ei riksmålsordbok at ein ikkje tar med dialektane over heile landet, seier Hope.

LES OGSÅ: Ordbøker kan vera i strid med likestillingslova

– Hovudstaden produserer det meste av slangen

Tor Guttu er med i ordbokkomiteen til den nye ordboka. Foto: Riksmålsforbundet

Tor Guttu i ordbokkomiteen til NOAB.no stadfestar at slangen som er tatt med i den nye ordboka stort skriv seg frå bymiljø.

– Det er hovudstaden som produserer det meste av slangen. Me veit også at det finst slang andre stader, som til dømes på ein revyscene i Stavanger, men me har som prinsipp at ein skal finna orda skrifleg ein stad, då blir det meste frå hovustaden, seier han til Framtida.no.

Han legg til at ein dei har ein del bergenske uttrykk.

– Men det er litt tilfeldig, vedgår han.

Den pensjonerte førsteamanuensisen i nordisk ved Universitetet i Oslo seier det likevel berre er ein liten del av orda som er med i ordboka som er slang.

– Dei som skriv seg frå engelsk, skriv me på engelsk. Me bruker den vanlegaste skrivemåten, og driv ikkje progressiv normering. Me er ikkje alltid så sikker på kva som blir verande. Me er ingen rettskrivingsordbok, seier Guttu.

– Har Målungdommen sjekka om dei er brukt på denne måten med norsk skrivemåte? Forskjellen i frekvens har gjort at me landa på «ditche».

LES OGSÅ: Kranglar om seigmenn i ordbok

Her kan du sjå korleis hooke blir forklart i den nye ordboka:

FAKTA OM Det norske Akademis Ordbok

78 % av artiklane handlar om substantiv, 12,7 % om adjektiv og 7,2 % om verb. Dei attverande ordklassane utgjer 2,1 %.

S er den overlegne største bokstaven, med over 15 % av artiklane. Deretter følgjer F (7,7 %), B (7,4 %), og K (7,0 %).

X er den minste bokstaven, med 48 artiklar. Deretter følgjer Q (61 artiklar) og Z (141 artiklar).

Tysk og variantar av tysk har avgitt flest importord, over 13.000. Deretter følgjer latin og engelsk (begge over 10.000), fransk (over 7000), gresk (over 4000) og italiensk (over 1200). Blant fjernare språk som har gjeve opphav til norske ord, finn me arabisk (292 ord), russisk (165), japansk (108), persisk (100), hebraisk (99), sanskrit (74), hindi (68), tyrkisk (66) og mandarin (50).

LES OGSÅ: Jåle, spjåk, fjolle, gås