Har starta underskriftsaksjon for ny sesong av Lovleg
Silje Leiknes Johnsen (22) har starta aksjon for å få ein ny sesong av den populære tv-serien Lovleg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Eg starta den her aksjonen fordi både eg og mange andre, mellom anna i kommentarfeltet til Lovleg, ønskte fleire sesongar. Vi syntest det var ein brå slutt, seier Silje Leiknes Johnsen.
Sist fredag skreiv serieskapar Kjersti Wøien Håland på Facebook at det ikkje kjem fleire sesongar av Lovleg.
– Eg skulle ønske vi kunne fortsette å fortelje historier frå hybelhuset på Sandane, skreiv manusforfattar Kjersti Wøien Håland.
Trur fleire hadde fått auga opp for serien om den hadde fått fortsetje
Silje Leiknes Johnsen frå Kvænangen i Nord-Troms starta underskriftsaksjonen «Redd Lovleg» søndag. Eitt døger etter har underskriftsaksjonen allereie fått 400 underskrifter.
– Eg trur at viss serien hadde fått fortsetje, hadde fleire fått auga opp for serien og blitt like glade i den som eg har blitt. Serien har vist korleis det er å leve på bygda, og tar opp tema som mellom anna seksuell legning og usikkerheit rundt seg sjølv og eigen identitet. Han viser at det er greitt å vere annleis, seier ho.
Les også: Nominert til Gullruten med Lovleg
Har blitt glad i nynorsk
Lovleg har skapt nynorskfeber i kommentarfelta, og fleire har tatt til orde for å få serien på pensum i nynorsktimane.
– Serien gir material til undervisning på skulen, og eg har sjølv blitt meir glad i nynorsk etter å ha sett på serien, seier Silje Leiknes Johnsen, som sjølv har tatt ein bachelor i pedagogikk.
Les intervju med Kristine Ryssdalsnes Horvli: – Eg føler ein lukkar karakteren om ein berre kallar ho klein