Rekordmange blir psykisk sjuke på reise
I fjor var det ein betydeleg auke av unge som vart ramma av alvorlege psykiske lidingar i utlandet, ifølgje Europeiske Reiseforsikring.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det var rekordmange i alderen 21 til 40 år som fekk ein alvorleg psykisk sjukdom på reise i 2018. Skadeutbetalingane til forsikringsselskapet vart femdobla samanlikna med året før.
–Vi hadde ei rekke svært alvorlege sjukdomstilfelle med behov for innlegging og heimtransport med medisinsk personale til stades, seier kommunikasjonsrådgivar Gunhild Gjølstad i Europeiske Reiseforsikring.
Fleire prøver å rømme
Forsikringsselskapet trur at den kraftige auken kjem av at mange reiser meir og lenger, og at fleire prøver å rømme frå noko. I fleire tilfelle er misbruk av alkohol og rus inne i bildet.
– Dei fleste av dei som blir alvorleg psykisk sjuke på reisa, har ei tidlegare sjukdomshistorie eller noko som ligg latent før dei drar, seier sjukepleiar og skadebehandlar Line Sørbø.
Selskapet understrekar at forsikringane deira berre gjeld sjukdom som oppstår uventa og akutt. Det betyr at dersom ein er sjuk på utreisetidspunktet, kan ein risikere avkorting av skadeutbetalinga.