Nærare nytt universitet på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet har fått godkjent nye doktorgradsstudium. Det betyr at Noreg kan få endå eit universitet.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Høgskulen er fleire steg nærare å bli det ellevte universitetet i landet etter at Nasjonalt organ for kvalitet i utdanninga (NOKUT) godkjende fleire nye doktorgradsprogram, skriv NRK.
– Me er nesten i mål med to doktorgradsprogram. Det betyr utruleg mykje for oss i høve det å planleggje vidare for å bli eit nytt universitet på Vestlandet, seier rektor Berit Rokne til kanalen.
Les også: Ny folkehøgskule vil vere eit tilbod for «dropouts»
Eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet
Høgskulen på Vestlandet har om lag 16.000 studentar som utdannar seg til økonomar, lærarar, sjukepleiarar og andre yrkesgrupper ved lærestadane Sogndal, Førde, Bergen, Stord og Haugesund.
Rokne meiner at grunnlaget no er lagt for å etablera det nye universitetet på Vestlandet. Det skal bli eit profesjons- og arbeidslivsretta universitet, fortel rektoren til nettstaden til høgskulen.
Målet er å bli eit universitet innan 2023.
Les også: Lokkar elevane til yrkesfag med Lego-robot, VR-briller og klikk-app