Bistandsorganisasjonane om ny regjeringsplattform: – Bra for menneskerettar, dårleg for klima

Bistandsorganisasjonane har både ris og ros å kome med til den nye regjeringa.

Ida Johanne Aadland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først omtalt på Bistandsaktuelt. 

Regjeringa må legge vanskelege dilemma på bordet for å klare å nå berekraftmåla før 2030. Det meiner Borghild Tønnessen-Krokan, dagleg leiar for Forum for utvikling og miljø.

– Det er eit kjent paradoks at Norge for eksempel satsar på olje og samtidig bekymrar seg for farlege klimaendringar. Og eksporterar militærmateriell til land som krigar i Jemen, samstundes som me driv humanitær bistand for å motverke dei verste konsekvensane av den same krigen.

Les meir om den nye regjeringsplattforma: Dette har H, Frp, V og KrF vorte einige om

Håp om våpenstans

Redd Barna meiner den nye regjeringsplattforma gjev håp om våpenstans til Jemen. Regjeringa skriv at ein skal leggje vekt på vurderinga av menneskerettar og faren for at utstyr vert misbrukt i konflikt, før ein inngår avtalar om eksport av forsvarsmateriell.

– Me forventar at dette fører til at regjeringa skrur igjen krana og stansar all eksport til landa som krigar i Jemen. Det seier Line Hegna, fungerande generalsekræter i Redd Barna.

Regjeringen har også lova å styrke kampen for menneskerettane og trekk det fram som ein av tinga dei skal satse på. Øyvind Eggen, dagleg leiar i Regnskogfondet, fortel at miljøforkjemparar vert drepne kvar veke på grunn av deira kamp for regnskogen. Han ser derfor fram til satsinga.

Les også: Changemaker rasar mot stortingsfleirtal for våpeneksport

Klimatilpassa landbruk skal hindre svolt

Mattryggleik og klimatilpassa landbruk er også noko regjeringa lovar å trappe opp bistaden til.

– Klimaendringane er ein av dei viktigaste årsakene til at seks millioner fleire svalt i fjor, samanlikna med året før. Derfor er det å sørge for at jordbruket vert tilpassa eit endra klima avgjerande for å nå målet om å utrydde svolt innan 2030, seier generalsekretær i Caritas Norge, Martha Rubiano Skretteberg.

Lisa Sivertsen i Kirkens nødhjelp trekk fram at Norge må gjere meir for å finansiere internasjonale utsleppskutt, og at dagens klimaplanar ikkje held mål om ein skal nå 1,5-gradersmålet.

Les også: Dette meiner folk i Afrika om korleis dei vert framstilde