Changemaker rasar mot stortingsfleirtal for våpeneksport

Beate Haugtrø
Publisert
Oppdatert 10.01.2019 18:01

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Stortingets fleirtal er fullstendig på kollisjonskurs med det offentlege, sivilsamfunnet og opinionen, som ønsker stans i våpensalet, seier leiar i Changemaker, Embla Regine Mathisen i ei pressemelding.

Organisasjonen har over tid jobba mot regjeringa sin våpenpolitikk, og reagerer sterkt på avgjerda. Dei meiner stortingsfleirtalet vel å prioritere den norske industrien framfor menneska som lever under brutale diktatorar og i krig.

Får kritikk frå mange hald

På Stortinget tysdag retta fleire kritikk mot salet av våpen og krigsmateriell. Aftenposten skriv tysdag at representantar frå både Ap, Sp, SV og MDG var kritiske til regjeringa si handtering av sal av våpen og krigsmateriell.

Redd Barna og Kirkens Nødhjelp kritiserer òg at Noreg framleis sel militært utstyr til Saudi-Arabia, eit land som er delaktig i krigføring i Jemen.

Ifølge FN har konflikten mellom Houthi-opprørarar i landet og ein koalisjon leia av Saudi-Arabia utløyst verdas verste humanitære krise, og 14 millionar i Jemen står i fare for å bli råka av sult. Koalisjonen leia av Saudi-Arabia (SLC) stod i 2017 på FN si «svarteliste» over land som begår alvorlege overgrep mot barn.

I januar 2018 stilte SV eit representantforslag om å stanse sal av forsvarsmateriell til land som deltek i konflikten i Jemen. Dette forslaget vart avvist.

Les også: Borgarkrigen i Jemen er verdas verste humanitære krise

– Talet på menneske som blir råka aukar kvart år

– Det er heilt sjukt at politikarane år etter år tillet fortsatt eksport av krigsmateriell til diktatur og land i krig. Talet på politiske fengslingar, politisk motiverte drap, og menneske som svelt på grunn av krig aukar kvart år, seier Mathisen i pressemeldinga.

Ho meiner at ein fortsatt eksport gjer diktatorane tryggare på Noreg si støtte til deira regime, og på at vi er villige til å snu blikket bort når det blir begått overgrep mot eige og andre sitt folk. 

– Er det ein ting hausten har vist, er det at vi er avhengige av enormt press frå sivilsamfunnet for å føre ein utanrikspolitikk som tek omsyn til menneskerettar i enkeltsaker. Sånn burde det ikkje vere.

Har suspendert nye lisensar, men kan ikkje gi nokon garanti

– Omfanget av norsk våpeneksport til landa som krigar i Jemen er svært begrensa, seier Utanriksminister Ine Eriksen Søreide (H) til VG, som svar på kritikken.

Ho fortel at regjeringa har suspendert nye lisensar for sal av våpen og ammunisjon til Dei forente arabiske emiratar.

På spørsmål frå VG om det betyr at ho kan seie sikkert at det ikkje blir brukt norske våpen i Jemen, svarar ho:

– Eg kan ikkje gi nokon garanti, men vi har sjekka dette så grundig vi kan, og vi har ikkje fått det bekrefta.

Les også: Vi tener på at verda rustar opp