Treningsmyten blir avliva av fedmeforskarar
Fedmeforskarar vil avlive myten om at trenging hjelper for å bli slankare. Det er inntaket av mat som er avgjerande, går det fram av forsking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er uetisk av legar og styresmakter å seie at trening hjelper deg å gå ned i vekt, seier overlege Rønnaug Ødegård ved avdeling for barn og unge på St. Olavs hospital til NRK.
Etter mange års erfaring med overvektige, meiner ho det er heilt tydeleg at trening ikkje er det som får folk til å bli slankare.
– For å gå ned i vekt treng ein ikkje å starte å trene. Det held i massevis å ete mindre, og dette meiner eg er noko vi har synda mot tidlegare. Vi har halde opp fysisk aktivitet og trening som ein nødvendig komponent for å gå ned i vekt. Det er det absolutt ikkje. Forsking viser oss dette med sikkerheit både for barn og vaksne, seier Ødegård.
Les også: Dei tyngste soldatane kjem frå Bygde-Norge
– Fysisk aktivitet åleine er ikkje nok
Av dei som kjem til klinisk ernæringsfysiolog ved Regionalt senter for fedmeforsking og innovasjon, Tove Drilen, er det mange som trur at alt vil ordne seg, berre dei startar å trene.
– Mange meiner at berre dei får på plass treninga så vil dei gå ned i vekt. Vi er veldig tydelege på at fysisk aktivitet aleine ikkje er nok til å gå ned i vekt, seier Drilen.
Ho meiner fysisk aktivitet derimot blir veldig viktig når det gjeld å halde vekta etter ein vektreduksjon.
– Det som er vanskeleg er å halde vekta. Då er fysisk aktivitet viktig. Forsking viser at dei som går ned i vekt og som lykkast best i å bli der, er dei som klarer å halde fram med regelmessig fysisk aktivitet.
Les også: Norsk studie: Forskjell på fedme blant jenter og gutar
All grunn til å vere fysisk aktiv
Sjølv om det ikkje er treninga som får kiloa til å renne av når ein skal slanke seg, så meiner ernæringsfysiologen at det er all grunn til å vere fysisk aktiv.
– Trening fungerer på alt anna enn vektreduksjon. I forhold til fysisk og psykisk helse, overskot, ein føler seg betre og reduserer faren for livsstilssjukdommar. Det er veldig mange gode grunnar for å halde på med fysisk aktivitet, understrekar Drilen.
Les også: – Unge manglar kunnskap om sunn livsstil