– Unge manglar kunnskap om sunn livsstil

Arnt Olav Foseide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anne Sofie Sand ved Det helsevitskaplege fakultet ved Universitetet i Tromsø har intervjuet unge om kva som motiverer dei til å få ei livsstilsendring. Ho fann at dei unge hadde liten kunnskap og også mangla ferdigheiter og organisering av matrutinar og treningsrutinar, skriv Forskning.no.

– Det er mykje som kan gjerast innanfor skulen, men òg utanfor. Berre sjå på kioskane. Feit og usunn mat, som pølsar og bollar, er billig og lett tilgjengeleg samanlikna med frukt og grønt, seier Sand.

– Det interessante er at unge har sterk motivasjon og eit ønske om å vere normalvektige. Dei ønsker å etablere ein god livsstil og få eit sunnare kosthald, men dei manglar rett og slett kunnskap om emnet, seier rettleiar Nina Emaus.

Begge meiner meir forsking på temaet er naudsynt for å finne ut korleis unge kan få kunnskapen dei treng, ettersom denne rapporten var laga på grunnlag av intervju med berre tolv unge kvinner.