– Innfør anonyme prøvar
Simon Molvær Grimstad (KrF) svarar på spørsmål om korleis han vil gjera skulen betre.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Korleis kan ein motivere elevar til å fullføre vidaregåande opplæring?
– Ved å gje alle individuelle utfordringar etter nivå så dei kan få oppleve meistring!
Kva må gjerast for å sikre at elevane får reell tilpassa opplæring?
– At elevane sjølv får velje kva for eit nivå dei ligg på i samarbeid med lære.
Mange opplev at eksamen er ein urettferdig måte å bli vurdert på ved slutten av skulegongen. Kva kan gjerast for at vurderinga blir rettferdig?
– Innføre anonyme prøvar på alle halv- og heildagsprøver (òg kalla tentamen) slik at den karakteren blir sett rettferdig. Dermed er det ikkje lenger naudsynt med eksamensordninga. Eksamensordninga burde avskaffast!
Kva kan gjerast for at den einskilde eleven skal få meir å seie i sin skulekvardag?
– At undervisinga utfordrar elevane i staden for å preike. Mange elevar lærer best når dei diskuterer mellom seg enn å sjå på tavla.
Kva kan ein gjere for å sikre at norske skulebygg er i forsvarleg stand?
– Ha som mål at alle skulebygg skal vere Miljøfyrtårn-merkt.
Korleis kan ein finne mange nok lærarar som er motiverte til å gjere ein god jobb, samstundes som dei har høg fagleg og pedagogisk kompetanse?
– Mange eldre lærarar er flinke, men utdaterte. Det er mangel på teknologisk kunnskap og studieteknikkane er utdatert; og mange nye har kome! Difor burde eigenleg alle lærarar sendast på inspirasjonssamlingar for påfyll av "det siste på moten"!
Faktaboks
Før sommaren spurte Framtida.no Elevorganisasjonen om dei kunne koma med ti viktige spørsmål om skulen som me kunne stilla til politikarane. LES SAKA! Me har spurt unge politikarar i Møre og Romsdal og kva dei meiner om skulen.
Simon Molvær Grimstad (KrF): 4. september