Ungdom i små kommunar manglar helsestasjon
Alle kommunar skal ha eit gratis helsestasjonstilbod for ungdom opp til 20 år. Ei ny kartlegging frå SSB viser at kvar femte kommune mangla eit slikt tilbod i 2017. Dei fleste av desse var små kommunar i mindre sentrale strok.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Helsestasjon for ungdom (HFU) skal vere eit lågterskeltilbod der ungdommar mellom anna kan stille spørsmål om fysisk og psykisk helse, eller få prevensjonsrettleiing. Tilbodet kan vere eit samarbeid mellom fleire kommunar.
Dårlegare dekning i mindre sentrale strok
Alle kommunane som manglar eit HFU-tilbod har færre enn 10 000 innbyggjarar, og dei minst sentrale kommunane har ein dårlegare dekningsgrad enn dei sentrale. Det er i dei tre nordlegaste fylka og Møre og Romsdal at flest kommunar manglar eit HFU-tilbod.
Moglege forklaringar på korfor det er desse kommunane som manglar tilbodet kan vere at det er vanskelegare å få relevant helsepersonell til små kommunar, og at det er store reiseavstandar.
Tala viser at 96 prosent av norske ungdommar har eit helsestasjonstilbod. Denne kartlegginga er den første som viser kva kommunar som tilbyr ein helsestasjon for ungdom.
Les også: Talet på gutar som oppsøkte helsestasjonen dobla seg da dei opna eigen helsestasjon for gutar