Nordland fylkekommune vedtek namn på lulesamisk

Som einaste fylket i landet har Nordland vedteke eit offisielt lulesamisk namn.

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka vedtok Nordland fylkeskommune eit offisielt namn på lulesamisk: Nordlánda Fylkkasuohkan.

– At namnevalet falt  på det lulesamiske er i hovudsak grunngjeve med at Nordland er det einaste fylket som ivaretek det lulesamiske språket, medan nordsamisk og sørsamisk vert ivareteke i fleire andre fylker, forklarar fylkestingsrepresentant Grete Bang (Ap) ifølgje fylkeskommunen sine eigne nettsider.

Neste steg vert å få namnet godkjent hjå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Les også: Krev samisk og kvensk namn på Noreg

Einaste fylket med lulesamisk namn

Nordland vert då det einaste fylket som har eit offisielt namn på lulesamisk, men det tyder ikkje at fylkeskommunen har tenkt å forsømme nordsamisk og sørsamisk. I fylkestinget sitt vedtak står det også at nordsamisk og sørsamisk skal fremjast i Nordland.

– Eg er glad for at fylkestinget også fann det viktig å ha med eit punkt om desse to språka. Vi ynskjer å bruke nordsamisk og sørsamisk i språkområda der det er naturleg. Dette vil kome til uttrykk gjennom fylkeskommunen sin informasjonen, skiltinga og bruk av logoar der det er hensiktsmessig og naturleg, understreker fylkestingsrepresentant Siv Sara (Ap).

Norsk Målungdom jublar over vedtaket, men oppmodar også Nordland om å ikkje gløyme dei andre samiske språka i fylket, også då pitesamisk og umesamisk.

På UNESCO si liste over truga språk vert nordsamisk karakterisert som eit «truga» språk, sørsamisk og lulesamisk som «alvorleg truga», medan pitesamisk og umesamisk vert regna som nesten utdøydde språk i Noreg.

Les også reportasjen med Dáavet Bruun-Solbakk, leiar for den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh: – Det er mange måtar å vere samisk på.

Viktig for å utvikle den samiske kulturen i fylket

Vedtaket om offisielt lulesamisk namn vart gjort i samband med ei ny, revidert samarbeidsavtale mellom Nordland fylkeskommune og Sametinget. Siv Sara meiner avtala vil vere eit viktig verktøy for arbeidet med samiske saker i Nordland.

– Ikkje minst vil dette vere med å utvikle dei samiske språka, kultur og samfunnslivet i fylket, seier ho.

Dette kartet viser utbreiinga av samiske språk i Noreg: 

Kart: Store Norske Leksikon/Flickr/CC BY 3.0-lisens.

Les også: AUF har fått offisielt namn på nynorsk, samisk og kvensk