AUF har fått offisielt namn på nynorsk, samisk og kvensk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Under AUF sitt landsmøte i helga vedtok organisasjonen offisielle namn på nordsamisk, kvensk og nynorsk.

Det nynorske namnet er Arbeidarane si Ungdomsfylking, kvensk er Työtelijöitten nuortenjoukko og på nordsamisk heiter dei Bargiid Nouraidlihkadus.

I tillegg har partiet vedtatt at dei skal få namn på lulesamisk og sørsamisk.

Forslag frå Finnmark, Troms og Nordland

Det var AUF i Finnmark, AUF i Troms og AUF i Nordland som gjekk saman om å føreslå det samiske og kvenske namnet.

Altaposten omtalte forslaget førre veke og kunne då sitere delar av talen som politisk nestleiar i AUF i Finnmark, Thomas Fredrik Kristensen, hadde førebudd til landsmøtet denne helga.

– Alle menneskjer som bor i vårt langstrakte land er ein del av det norske fellesskapet. I det fellesskapet skal vi ta vare på kvarandre, også den samiske og kvenske befolkninga. Eit eige samisk og kvensk namn for AUF, er enda eit steg i riktig retning, sa Kristensen til dei frammøtte.

Fylkesleiar i AUF Sogn og Fjordane, Sindre Hornnes, er oppteken av at dei nye namna speglar mangfaldet i organisasjonen. Foto: AUF

Nøgd med nynorsk

Det var fylkeslaget AUF Sogn og Fjordane som spelte inn forslaget om nytt nynorsknamn.

Leiar i AUF Sogn og Fjordane Sindre Hornnes er nøgd med at landsmøtet gjekk inn for forslaget.

– Det handlar trass alt om identiteten vår. Me ønskjer at AUF skal vere ein språkleg inkluderande organisasjon, med både nynorsk, samisk og kvensk. Me er ein organisasjon med folk frå alle sider i samfunnet, så då er det viktig å også vise det utad, seier Hornnes på telefon til Framtida.no.

Han meiner saka er ekstra aktuell i desse tider, sidan mange elevar vel vekk nynorsk som hovudmål.

– Mange elevar får ikkje den undervisninga dei har rett på. Me ser det òg på situasjonen for samisk, der dei slit med å rekruttera lærarar, seier Hornnes.

Fylkesleiaren gler seg ikkje berre over namneendringa, men òg at landsmøtet har vedteke ny språkpolitikk.

Eitt av desse er at elevar skal ha rett på digitale læremiddel på eiga målform, der det i dag er eit hol i lovverket.

Landsmøtet gjekk òg inn for at innvandrarar som kjem til Noreg skal ha rett på undervisning på målforma i kommunen dei kjem til.

–  Kjem du til Førde skal ha rett på undervisning i nynorsk, kjem du til Oslo så skal du ha rett på bokmål, understrekar Hornnes.

Feststemt målungdom

Landsmøtet til AUF gjekk òg inn for å: «Bidra til likestilling mellom de norske skriftspråkene, gjennom å skrive 1/3 av de sentrale landsmøte- og landsstyrebehandlede dokumenter på nynorsk.»

Norsk Målungdom melder på Facebook at dei kjenner seg feststemt etter vedtaket: