Sp foreslår 10 millionar til språkdelt ungdomsskule
Senterpartiet (Sp) set av 10 millionar kroner til språkdelt ungdomsskule i sitt alternativ til statsbudsjett.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ordninga vil gjera at nynorskelevar får rett til å gå i eigen nynorskklasse i ungdomsskulen. I dag stansar denne ordninga etter 7. klasse i barneskulen.
– Det er svært bra at Senterpartiet løftar fram denne saka. Om det blir innført, vil språkdelt ungdomsskule gi nynorskelevane eit samanhengande opplæringsløp på eiga målform ut grunnskulen, seier leiar Magne Aasbrenn i Noregs Mållag.
Han meiner at nynorskelevar gjennom denne ordninga får solide språklege ferdigheiter og utviklar ein språkleg identitet som gjer at dei ikkje byter målform seinare.
– Dette vil dermed auka sjansen for at dei brukar nynorsk i den vidaregåande skulen og seinare i livet. På sikt vil eit slikt tiltak bidra til å styrka nynorsk skriftspråk og skriftkultur, seier Aasbrenn.
Les også: Meiner det hastar å sikre nynorskundervisning i ungdomsskulen