Ed Sheeran mistar A-laget sitt
Turnébandet til Ed Sheeran droppar ut av konsertane han skal spele i USA i haust. Det same gjer fleire oppvarmingsartistar.
Det skjer etter at rapparen Macklemore vart utestengd frå den same turnéen på grunn av at han ytra støtte til Palestina frå scena. Det skal ha vore turnépromotøren Messina Touring Group som droppa Macklemore, etter at ein boikott vart sett i gang av milliardær Robert Kraft. Kraft eig Gillette Stadium i Massachusetts, som er ein av arenaene Sheeran skal opptre på i haust.
Sheeran skreiv i ein uttale at han hadde prøvd å bygge bruer og finne ei løysing, men at han ikkje var i stand til det, og at han ikkje kunne skuffe tilhengarane som hadde kjøpt billettar eller crewet.
– Dei som kjenner hjartet mitt, kjenner verdiane mine, la han til, og understrekte: «I am not complicit» (Eg er ikkje delaktig).
Det var artisten P!nk som sette i gang det heile, då ho førre veke delte eit innlegg som kritiserte Macklemore for å ta til orde for eit fritt Palestina, på Instagram.
Den norske artisten Sigrid, som varma opp for Ed Sheeran i sommar, rettar kritikk mot pengekreftene på toppen.
– Eg står i solidaritet med Palestina og synest det er forferdeleg at kommersielle aktørar misbruker makta si for å diktere og avgrense kunst og ytringsfridomen, seier ho til VG.