Kvifor brukar ikkje kongen krone lenger?
Kva blir dei norske kronene brukt til? Og kva er skilnaden på ei kroning og ei signing?
Kongar og dronningar i eventyr, måleri, og filmar har éin ting til felles: Dei brukar sjølvsagt ei krone.
Likevel hadde kong Harald aldri den norske kongekrona på hovudet sitt, og kong Haakon kjem heller ikkje til å bruke krona på den måten.
Kvifor er det slik?
120 år sidan ei norsk kroning
Noreg har ei kongekrone og ei dronningkrone, begge laga i Sverige, og sist gong dei var på hovudet til eit kongepar, var i 1906, då kong Haakon VII og dronning Maud vart krona i Nidarosdomen i Trondheim.
Sidan då kronar vi ikkje lenger kongar i Noreg. I Sverige i 1908 stod den svenske kongen over den kostbare seremonien, og debatten om vi framleis skulle ha ein slik seremoni i Noreg, blussa opp i etterkant, ifølgje Forskning.no. Heime i Noreg leia både Arbeidarpartiet og fleire republikanarar diskusjonen, og seremonien vart kalla pompøs og ute av tidsanda.
I august 1908 fjerna Stortinget kravet om ei kroning frå Grunnlova. Kong Olav gjennomførte derimot ei signing i Nidarosdomen i 1958, og det same gjorde kong Harald i 1991.
Krona som aldri vart brukt
I tillegg til kongekrona og dronningkrona, har Noreg også ei tredje krone: arvefyrstekrona.
Dette er krona for tronarvingen.
Ho vart laga i 1846 i Christiania, for dåverande kronprins Karl, men det vart aldri nokon kroningsseremoni i Noreg av faren Oscar 1. Ho vart ikkje brukt av dei seinare svenske tronarvingane, og då kong Haakon VII og dronning Maud vart krona, var dåverande kronprins Olav for liten til å vere ein del av seremonien.
Difor har denne krona aldri blitt brukt. Samstundes er det den einaste av kronene som er laga i Noreg, ikkje i Sverige.
Kva er skilnaden?
I ei kroning får ein konge eller ei dronning krona på hovudet sitt. Dei andre riksregalia, som rikseplet og rikssepteret, blir også haldne av monarken. Saman symboliserer seremonien og dei verdifulle objekta makta monarken har. Det inkluderer både religiøs makt og verdsleg makt.
Ved signinga til kong Olav og kong Harald knelte dei framfor ein biskop som la handa på hovudet deira og bad Gud om å signe kongegjerninga deira. Dei fekk aldri noka krone på hovudet.
Det betyr ikkje at kronene aldri blir brukte. Kongekrona og rikssverdet, eit anna riksregialia, har vore på båra til kong Harald i Slottskapellet fram til gravferda. Dei blir lagde på kista for å symbolisere at monarken er borte, fortel Øystein Ekroll, frå Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje, til NRK.
Kongekrona og dronningkrona var også til stades under signinga av kong Harald, sjølv om dei ikkje var på hovuda til kongeparet.
Men når dei ikkje blir brukte i ein seremoni, kan du sjå riksregalia utstilte i Trondheim.
Kva med tiaraer og diadem?
Mange av kvinnene i den norske kongefamilien går jamleg med tiaraer og diadem. Ein tiara eller eit diadem og ei krone kan kanskje verke ganske like. Dei er begge rikt utsmykka og du har dei på hovudet.
Likevel har dei ikkje den same symbolske verdien.
Ein tiara er eit pent smykke som dei som vil, kan gå med. Det kan vere visse skikk-og-bruk-reglar for når ein tiara skal brukast, av kven, og kor gamal personen skal vere, men ein tiara seier ikkje noko om kva maktposisjon personen som brukar han har i den norske staten.
Kongekrona symboliserer kongemakta, noko som også er grunnen til at ein stilisert versjon av krona er ein del av riksvåpenet til Noreg.










