Awaatef (21) og Kitty (19) er blant dei nominerte til Jenteprisen: – Føler allereie at eg har vunne

Unge Høgre-politikar Kitty Theobald Gjerland og samfunnsdebattant Awaatef Abdullah Hassan er blant dei unge profilane på lista over nominerte til Jenteprisen.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert

– Det betyr utruleg mykje. Eg føler allereie at eg har vunne, sjølv om eg berre har blitt nominert!

Det seier Awaatef Abdullah Hassan på telefon til Framtida.

Då årets nominerte til Jenteprisen vart lagt fram onsdag, fann ho sitt eige namn på lista. 21-åringen frå Grimstad trudde ikkje at samfunnsengasjementet hennar hadde blitt lagt merke til på eit så høgt nivå, og hadde eigentleg ikkje tenkt på seg sjølv som ein aktuell kandidat.

– Det er ei kjempestor anerkjenning, og noko som rett og slett gjer det enda meir motiverande å fortsetje å vere synleg og vere ein representant for andre minoritetskvinner i same situasjon som meg, fortel ho.

Awaatef Abdullah Hassan ønskjer å vere ein representant for kvinner med minoritetsbakgrunn i høgare utdanning. Foto: Mathea Barlund

Deler tips på TikTok

Plan International Norge deler årleg ut Jenteprisen til ein person eller organisasjon som har gjort ein særleg innsats for å fremje jenters rettar og likestilling.

Hassan har engasjert seg i samfunnet sidan ho var 16 år, og har skrive fleire kronikkar i norske medium, mellom anna om kjønnsbalanse i arbeidslivet, støtte til kvinner i Iran og om kong Haralds betydning for personar med minoritetsbakgrunn.

No har ho òg flytt engasjementet sitt over på plattformer som LinkedIn og TikTok. Der deler ho mellom anna studietips.

– Eg syntest det mangla litt. Eg veit at det kan vere ein tryggleik for andre i min situasjon, for eg er ei minoritetskvinne, muslim og samstundes tar eg ein utradisjonell karriereveg. Ein ser ikkje så mange i min situasjon på sosiale medium, seier Hassan, som studerer statsvitskap ved Universitetet i Stavanger.

Ho synest det er viktig å vise sjølvstende og styrke som kvinne.

Utdanning for jenter

Utdanning for kvinner er ei av hjartesakene hennar.

– Eg er veldig stolt og privilegert som kan ta kva som helst utdanning eg vil utan å måtte tenke på barrierar og utfordringar på grunn av kjønnet mitt.

Hassan trekker fram korleis det er for jenter i Afghanistan. Etter at Taliban tok over makta i 2021, har den islamistiske rørsla innskrenka rettane til jenter på mange område, og dei får ikkje ta utdanning etter sjetteklasse.

I fjor var det Ayesha Wolasmal som fekk Jenteprisen, nettopp for arbeidet for jenter og kvinners rettar i Afghanistan.

– Det er jenter frå sjuandeklasse og opp som gret seg i søvn kvar kveld fordi det dei hata med skulen, er det dei saknar mest no. Dei vil ha lekser, dei vil kome seg til eit klasserom, fordi dei blei fråtekne den grunnleggjande retten over natta, sa Wolasmal til Framtida den gongen.

Ayesha Wolasmal fekk Brageprisen for boka «Tusen dager med Taliban». I fjor fekk ho også Jenteprisen for arbeidet sitt i Afghanistan. Foto: Agnete Brun

– Utruleg stas

På lista over årets nominerte finn vi elles namn som dronning Sonja, samfunnsdebattant Anine Olsen og fotballpresident Lise Klavenæss. Og Unge Høgre-politikar Kitty Theobald Gjerland.

– Det er jo utruleg stas å få stå på ei liste med så mange dyktige kvinner og førebilete, så eg føler meg først og fremst veldig heldig og takknemleg for at nokon har tenkt på meg, skriv ho i ein sms til Framtida.

Kitty Theobald Gjerland i Unge Høgre. Foto: Unge Høgre

19-åringen er leiar i Arendal og Grimstad Unge Høgre. Ho synest det er vanskeleg å vite akkurat kvifor ho har blitt nominert, men trur det handlar om saker ho har løfta over tid.

– Då eg var 16, engasjerte eg meg blant anna for aldersgrense på sosiale medium. Då delte eg ganske opent om ting eg og andre jenter hadde opplevd på nett. Det var ei sak som betydde mykje for meg då, og som framleis gjer det.

For Gjerland handlar likestilling om fridomen til å leve det livet ein sjølv ønsker.

– At jenter skal kunne vere annleise, vere ambisiøse, prioritere familie, karriere eller begge delar, og sleppe at andre skal definere kva eit «riktig» val er.

Dette er dei nominerte til Jenteprisen 2026:

Abida Akhtar Theigen

Aldri Alene

Alida Christensen Wåsjø

Amathea

Anine Olsen

Annam Chaudry

Awaatef Abdullah Hassan

Bella Fasmer

Bettina Lindgren

Camilla Anett Orten Akslen

Camilla Mathea Bråten

Christina Fraas

Christine Samuelsen

Christine (Finansmor1)

Daniella Nordhagen

Donna Kastrati

Dronning Sonja

Eirin Braatlund Fossberg

Elisabeth Raasholm Larby

Eva Rose

Evin Durmaz

Feven Tesfay

Fredrik Fornes

Frida Marie Grande

Gunhild Roel Jønnum (Sa_G)

Guri Majak

Hanna Martine Baller

Ida Elise Enger

Iman Meskini

Inkluderende feminisme

Janniche Bergfjord og Ann Christin Nøss

Jeanine El Mokadem Andreassen

Jevi Majid

Kate Tømmervold

Kimiya Sajjadi

Kitty Theobald Gjerland

Kronprinsesse Ingrid Alexandra

Kvinner Først (advokat Afzall Sarwar)

Kvinner Først (Fatima Jaloul)

Kvinner Først (generell)

Kvinnerikamp og Partnervold

Leona Jespersen

Lise Klaveness

Liv Bjørnhaug Johansen

Malena Chronholm Bøyesen

Mari Nordgreen v/Girlskate Bergen

Martine Halvorsen

Nawaii Butt

Parshang Aminian

Passar Soran Qadir

Renate Hamm

Sadia Zakakhan

Sanitetskvinnene

Sannia Afzal

Sarah Gaulin

Siv Kalsaas

Solvår Taugbøl

Stefany Soares

Synnøve Dørum

Terje Bjøranger

Tina Gran

Tone Ollestad

Ugbad Mustafa Yusuf Noor (Musti)

Victoria Rummelhoff

Voldsavsnittet v/Omsorgsjuss

Womanhood Initative

Yrja Oftedahl

Åse Vigdis Vikanes

Viktigare enn nokon gong

Jenteprisen 2026 blir delt ut på FNs internasjonale jentedag 11. oktober. I år er det femtande året på rad prisen blir delt ut. Vinnaren blir kåra av ein uavhengig jury leia av Isabelle Ringnes.

I juryen sit òg Sigrid Storli, som representerer URO (Ungdommens rettighetsorgan), ungdomsgruppa til Plan International Norge. Ho meiner Jenteprisen er viktigare enn nokon gong.

– I dag står vi unge overfor tallause utfordringar. Klimaendringar blir stadig verre og innskrenkingar av kvinners rettar i blant anna USA og Afghanistan er skremmande peikepinnar på kva retning verda kan vere på veg. I møte med slike utfordringar kan mange unge føle på avmakt, men vi har makta til å skape den verda vi skal leve i, skriv ho til Framtida.

Storli meiner Jenteprisen er ein viktig arena for å fremje og hylle folk som gjer ein innsats for dei rundt seg, og for å inspirere andre til å gjere det same.

– Som ungdommens representant er det ekstra viktig for meg å fremje det interseksjonelle perspektivet. Det vil seie å sjå på korleis ulike former for undertrykking påverkar kvarandre. Vår generasjon forstår at utfordringane vi står overfor ikkje kan separerast frå kvarandre og at all frigjering heng saman. Å løfte jenters rettar skal ikkje gå på kostnad av andres rettar, men heller tene oss alle.

♀️ Tidlegare vinnarar:

2025: Ayesha Wolasmal

2024: Iman Meskini

2023: June Holm og Vi tror deg-stiftelsen

2022: Endometrioseforeningen

2021: Moving Mamas

2020: Stine Sofies Stiftelse

2019: Papillon

2018: Mia Landsem

2017: JURK, Juridisk rådgivning for kvinner.

2016: Andrea Voll Voldum

2015: Deeyah Khan

2014: Selvhjelp for innvandrere og flyktninger (SEIF) og Gerd Fleischer

2013: Fakhra Salimi

2012: Sara Kahsay

Kjelde: Plan International Norge