Ungarn vil tillate likekjønna adopsjon
Peter Magyar, den ferske statsministeren i Ungarn, varslar nye retningsliner for adopsjon i landet.
Regjeringa i Ungarn har sleppt ein rapport som skal danne grunnlaget for nye reglar for adopsjon i landet.
Sidan 2020 har det i praksis ikkje vore mogleg for likekjønna par eller einslege å adoptere. Desse reglane skal no fjernast, varslar statsminister Péter Magyar.
Magyar meiner at kven som får adoptere eit born ikkje bør vere ei politisk avgjerd, men ei fagleg, gjort av psykologar og barnevernsekspertar. Han viser dessutan til at det ungarske adopsjonssystemet står i fare for kollaps, sidan adopsjonsbehovet er stort. Ifølge det ungarske statistikkbyrået KSH Har mellom 1000 og 1500 born vorte adoptert årleg sidan 2017. Talet har auka sidan starten på 2000-talet.
Partiet til Magyar, Tisza vann parlamentsvalet i Ungarn i vår, mot den autoritære Victor Orban, som har vore statsminister sidan 2010. Det internasjonale samfunnet har venta spent på å sjå om Magyar vil ta landet i ei meir liberal retning.
Regjeringa til Orban innførte i 2020 innstrammingar for adopsjon. Som hovudregel kunne berre heterofile, gifte par adoptere. Likekjønna par kunne fram til 2020 omgå reglane ved at éin av foreldra søkte om adopsjon som einsleg, men i 2020 innførte regjeringa krav om at einslege adoptivforeldre måtte søke om godkjenning frå familiedepartementet, noko som i praksis sette ein stoppar for likekjønna par.






