Torsdag kveld skreiv den amerikanske presidenten Donald Trump at det ville bli ei våpenkvile for Libanon frå natt til fredag, ifølgje VG. Den væpna gruppa Hizbollah uttalte torsdag kveld at ein avtale ikkje kan tillate at Israel kan bevege seg fritt i Libanon.
Våpenkvila skal vare i ti dagar, men i morgontimane fredag skulda den libanesiske hæren Israel for å ha brote våpenkvila, og hevda blant anna at israelske soldatar skal ha kasta granatar mot landsbyar sør i Libanon.
Israel har førebels ikkje uttalt seg om dette. Samstundes har Donald Trump uttalt at han håpar Hizbollah held våpenkvila.
Folk som har flykta frå heimane sine byrjar å reise tilbake etter våpenkvileavtala i Libanon. | Foto: AP Photo/Bilal Hussein
Orban tapte valet i Ungarn
Søndag 12. april røysta ungararar inn Péter Magyar som ny statsminister i landet, skriv NRK. Viktor Orban har leia landet i 16 år, og vore spesielt venleg mot Russland og blokkert støtte til Ukraina i EU.
Magyar har vore ein del av Orban sitt parti, det høgrekonservative Fidesz, men gjekk ut av det for eit par år sidan. Då skulda han partiet for å vere korrupt.
Tisza, partiet han har teke over, vann 138 av 199 sete i parlamentet, ifølgje BBC. Fidesz vann berre 55.
Tisza blir rekna som eit populistisk sentrum-høgre parti. Dei er positive til Europa og ønsker å betre forholdet til EU og Nato, og Magyar har vore tydeleg på at han vil gjere noko med korrupsjonen i landet.
Samstundes blir Magyar sett på som konservativ av ungararar, og han har ikkje uttalt seg særleg om innskrenkinga av skeive rettar under Orban, og om han planlegg å gjere noko med det.
Ungararar feirar i gatene i Budapest etter valet søndag. Foto: AP Photo/Denes Erdos | Foto: AP Photo/Denes Erdos
700 drepne av dronar i Sudan
Ifølgje nye tal frå FN har 700 menneske blitt drepne av droneåtak i Sudan så langt i år, skriv France24. Denne veka har landet vore i krig i tre år. Krigen blir omtala som verdas største humanitære krise, både på grunn av kor mange som har mått flykte, og mangelen på mat.
Ni millionar menneske er fordrivne i Sudan etter tre år med krig, ifølgje nyheitsbyrået AP. 19 millionar menneske er i fare for å svelte i hel eller bli underernært fordi dei ikkje har tilgang på nok mat, ifølgje Verdas matvareprogram. 59 000 menneske er drepne i konflikten, men talet kan vere høgare.
Krigen blir hovudsakleg kjempa mellom militæret i landet og den paramilitære gruppa Rapid Support Forces, eller RFS. Den internasjonale straffedomstolen undersøkjer om det skjer brotsverk mot menneskeslekta i landet, spesielt i Darfur som RSF kontrollerer. Det har vore fleire skuldingar om krigsbrotsverk og folkemord.
Internt fordrivne i Sudan ved ein flyktningleir ved Port Sudan. Krigen i landet har ført til at tolv millionar menneske har mått flykte frå heimane sine, og det er ni millionar internt fordrivne menneske i landet. Foto: AP Photo/Bernat Armangue | Foto: AP Photo/Bernat Armangue
Sverige skal senke den kriminelle lågalderen til 13 år
Trass i mykje kritikk for forslaget går den svenske regjeringa inn for ein kriminell lågalder på 13 år frå 2. august, skriv SVT.
Då vil barna som er over 13 år kunne straffast med fengsel, om dei blir dømde for noko alvorleg, altså noko som har ei minimumsstraff på fire år. Det kan vere brotsverk som drap og valdtekt.
Regjeringa har sendt lovforslaget vidare til den svenske riksdagen, der dei har fleirtal.
Statsminister Ulf Kristersson med justisminister Gunnar Strömmer på ein pressekonferanse i 2023. Foto: Anders Wiklund/TT News Agency via AP | Foto: Anders Wiklund/TT News Agency via AP
Åtte elevar og éin lærar vart drepne i ei skuleskyting i Tyrkia på onsdag, ifølgje BBC. Ein gjerningsperson på 14 år skal også ha blitt drepen i hendinga, ifølgje tyrkiske styresmakter. Det skjedde kort tid etter ei anna skuleskyting i Tyrkia på tysdag, der 16 personar vart skadde. Gjerningspersonen skal ha teke sitt eige liv.
Begge skulane er i det sørlege Tyrkia. Motiva bak skytingane er førebels ukjent.
I etterkant av skytingane seier styresmaktene at dei har arrestert meir enn 160 personar som skal ha hylla gjerningspersonane og handlingane deira på nett, ifølgje AFP. 93 grupper på meldingstenesta Telegram har blitt stengde, og 940 kontoar på sosiale medium har blitt blokkerte.
Tyrkiske naudetatar rykte ut til skuleskytinga på onsdag. Det er den andre skuleskytinga på rad i landet denne veka. Foto: IHA via AP | Foto: IHA via AP
Lyspunkt: Norsk forsking publisert om hiv-gjennombrot
Denne veka publiserte forskarar ved Oslo universitetssjukehus ein omfattande artikkel om ein mann som truleg er fullstendig kurert for viruset hiv, ifølgje Forskning.no. Mannen vart først smitta i 2006, og fekk ein beinmergstransplantasjon i 2020.
Transplantasjonen var for å kurere ein blodsjukdom, men har truleg også kurert han for hiv.
Resultatet til den no 60 år gamle mannen vart presentert i fjor, og all forskinga er no vurdert av andre forskarar og publisert i tidsskriftet Nature Microbiology. Totalt reknar ein med at ti personar er kurerte for hiv, eit virus som vanlegvis ikkje er mogleg å kurere. Dette er den første i Norden.
Ein norsk mann er truleg kurert for hiv. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK | Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.