Tanzaniansk ungdomspartileiar: – Mange unge har blitt drepne eller forsvunne
Deogratius Mahinyila er ein regimekritisk politikar i eit land der opposisjonelle risikerer livet. Han trur at modige unge er nykelen til ei demokratisk framtid.
Denne artikkelen er ein del av prosjektet «Gen Z i maktas korridorar» støtta av Fritt Ord. I denne serien løftar Framtida utanrikspolitiske saker sett frå andre land.
– Mange unge har blitt drepne eller forsvunne. Resultatet er ein generasjon der mange er budde til å gjera kva enn som krevst i kampen som har kosta vener livet.
Det seier Deogratius Mahinyila (30) på telefon til Framtida.no. Han er leiar for ungdomspartiet til CHADEMA («Partiet for demokrati og utvikling»), det viktigaste opposisjonelle partiet i Tanzania.
– Dei unge er CHADEMA sitt hjarte. Me treng ungt engasjement for å kunna lukkast.
Tanzaniansk politikk
Tanzania er ein tidlegare britisk koloni. Landet blei sjølvstendig i 1961 (Zanzibar i 1963).
I fleire tiår var Tanzania ein eittpartistat, der Revolusjonspartiet (Chama cha Mapinduzi) var det einaste lovlege partiet. I 1992 blei det lovleg å skipa andre parti, men Revolusjonspartiet har sete med makta heile tida. Dei blir skulda for omfattande valjuks og undertrykking av opposisjonen.
Ifylgje stiftinga Freedom House er Tanzania eit ufritt land, mellom anna fordi det ikkje finst ytringsfridom, frie val og uavhengige domstolar.
– Dersom du ytrar deg fritt, er du i fare
Mahinyila og CHADEMA står i ein tøff kamp. Sjølv om det finst fleire politiske parti i Tanzania, er landet eit diktatur leia av president Samia Suluhu Hassan. Ho tok over makta då denne førre presidenten, John Magufuli, døydde brått i 2021.
– Systemet er sentrert rundt presidenten. Viss ho ynskjer noko, blir det sånn. Det er ein veldig farleg situasjon, meiner Mahinyila.

President Samia Suluhu Hassan. Foto: AP Photo, File
Dei siste åra har undertrykkinga av dissidentar i Tanzania blitt meir synleg. Amnesty har mellom anna dokumentert bortføringar, tortur og drap som etter alt sannsyn er politisk motiverte.
– Dersom du ytrar deg fritt, er du i fare, fortel Mahinyila.
Undertrykkinga rammar også CHADEMA. Partileiaren deira, Tundu Lissu, har vore fengsla og tiltalt for forræderi sidan april i fjor. Han risikerer dødsstraff.
Mahinyila meiner årsaka til fengslinga av Lissu er at Revolusjonspartiet, som har hatt makta sidan Tanzania blei eit sjølvstendig land i 1961, ikkje vågar å konkurrera med CHADEMA på rettferdig vis.

Opposisjonsleiar Tundu Lissu (til høgre) gestikulerer med tilhengarar i Tanzanias høgsterett under rettssaka måndag 9. februar 2026. Foto: AP Photo/Florence Majani
Ynskjer demokratiske reformer
Mahinyila, som også er jurist, seier at den viktigaste motivasjonen hans er ynsket om ein rettsstat.
– For CHADEMA er konstitusjonelle reformer den viktigaste saka. Me treng ein konstitusjon som varetek interessene til folket og ikkje berre ein elite, seier Mahinyila.

Deogratius Mahinyila (30) er leiar for ungdomspartiet til CHADEMA. Foto: CHADEMA
Han viser til fjorårets val til nasjonalforsamlinga og presidentembetet som eit døme på kvifor reformer er naudsynt.
Gjennomføringa av valet fekk hard kritikk av valobservatørar.
På valdagen blei det brått innført ei vekeslang nedstenging av landet, som mellom anna innebar portforbod og avsperring av internett.
Styresmaktene har blitt skulda for å ta livet av demonstrantar under nedstenginga. Framleis er det uklart kor mange som mista livet denne veka. CNN har verifisert informasjon som indikerer at det blei konstruert massegraver under valveka. Og den uavhengige avisa The Chanzo har meldt at lik forsvann frå sjukehusa.
Fleire drap skal ha vore vilkårlege, ifylgje Human Rights Watch.
CHADEMA deltok ikkje i valet. Mahinyila forklarar at partiet hans ikkje vil delta i noko val utan at det fyrst blir gjennomført demokratiske reformer.
Motivert av ynsket om rettsstat
Mahinyila fortel at han melde seg inn CHADEMA så fort han blei myndig. Han var politisk aktiv også før han blei 18.
– For meg er politikk livet.
Særleg var studenttida viktig for Mahinyila sitt politiske virke.
– Studentorganisasjonen til CHADEMA var veldig aktiv medan eg var på universitetet, me rekrutterte mange studentar til å bli medlemar av partiet.
Likevel meiner Mahinyila at det er det vanskeleg å vera politisk aktiv som student i Tanzania.
– Mange studentar er ikkje frie, det finst mange lover og reglar som hindrar dei i å vera politisk aktive. Fleire fryktar også å bli fengsla eller bortført.

Plakatar med president Samia Suluhu Hassan. Foto: Magnus Rotevatn
– Dei unge er modige
Trass ein vanskeleg situasjon, er Mahinyila optimistisk når det gjeld framtida. Han meiner at den meir synlege undertykkinga har auka engasjementet til mange.
– Fleire har fått kunnskap om kva som skjer, og mange er usamde i politikken som blir ført.
Mahinyila meiner at nykelen til meir demokrati er å investera i ungdom og deira kunnskapar om samfunnet.
– Framtida tilhøyrer dei unge, og eg trur at dei unge er modige nok til å skapa endring.






