EU med ny aldersgrense-app

EU har laga ein app for å verifisere alder på nett, for å beskytte mindreårige mot skadelege nettsider.

Einar Nygaard
Publisert

EU har laga ein ny app for kontroll av alder på nettet, som er klar og snart blir tilgjengeleg for bruk, skriv Reuters.

EU-kommisjonens leiar Ursula von der Leyen sa på eit pressemøte onsdag at dei lanserer appen for å halde digitale plattformer som ikkje beskyttar barn, ansvarlege.

– Nettselskap kan stole på vår aldersverifisering, så det er ikkje lenger noka unnskyldning. Det er berre å nytte den, sa von der Leyen.

Målet med appen er å hindre at mindreårige får tilgang til nettsider med uønskt innhald.

Etter Australia innførte aldersgrense for sosiale medium, har fleire land no vurdert liknande tiltak, inkludert Noreg.

– Heilt trygg i bruk

Appen blir snart tilgjengeleg for alle, etter å ha blitt testa i fleire EU-land.

– Det er foreldra som skal oppdra barna sine, ikkje plattformene, seier von der Leyen.

Appen krev at ein lastar opp pass eller ID-kort, men det vil vere mogleg å vere anonym, ifølge von der Leyen.

Ho seier appen innfrir dei aller høgaste sikkerheitskrava i verda.

Skritt i riktig retning

Digitaliseringsminister Karianne Tung (Ap) seier til VG at appen er eit viktig skritt i riktig retning for å beskytte barn på nett.

– Regjeringa jobbar med å få innført ei aldersgrense på sosiale medium, og har tett dialog med EU-land som ligg langt framme i dette arbeidet, særleg Danmark og Frankrike, seier ho.

Det samarbeidet meiner ho gir verdifull erfaring når dei skal vurdere løysingar for trygg aldersverifisering i Noreg.

Førebels er det opp til plattformene å nytte appen EU har laga, og det er endå ikkje innført lovendringar.