Unge Høgre vil senke den kriminelle lågalderen til 13 år – Erna seier nei

Høgre kan komme til å gå inn for å senke den kriminelle lågalderen frå dagens grense på 15 år. Unge Høgre vil senke grensa til 13 år.

Birgitte Vågnes Bakken/NPK-NTB
Publisert
Oppdatert 24.03.2025 12:03

– Måten ungdomskriminaliteten har auka, gjer det nødvendig med fleire ressursar og hjelpemiddel til å følge opp unge som gjer alvorlege lovbrot.

Det seier Kitty Theobald Gjerland (17) på telefon til Framtida.no. Ho er leiar av Arendal og Grimstad Unge Høgre og 3.-kandidat til stortingsvalet for Agder Høgre. Når Framtida.no ringer, har ho akkurat kome til Høgre sitt landsmøte.

Der skal ho og ungdomspartiet løfte eit forslag om å senke den kriminelle lågalderen til 13 år. 

– Per dags dato kan ikkje politiet eingong kalle dei inn til konfliktråd. Det blir kanskje ein bekymringssamtale. Viss det er noko veldig, veldig alvorleg, kan dei tvangsplasserast på institusjon, men det gjeld dei aller færraste, forklarar Gjerland.

Ho peikar på at kriminelle gjengar er klare over at dagens kriminelle lågalder er 15 år, og at dei utnyttar dette.

Ikkje fengsel

– Ved å senke den kriminelle lågalderen, tenker de at 13-åringar også skal i fengsel?

– Nei, aldeles ikkje. Det handlar heller om at ein kan møte i konfliktråd og få følgt opp avtalar om hjelp. I dag er det igjen slik at dei som gjer dei mest alvorlege lovbrota, kan plasserast i fosterheim eller barnevernsinstitusjonar. Men desse tiltaka er jo for svake, og gjeld dei aller færraste tilfella.

Med alvorlege lovbrot, viser ho til grove ran, vald og drap.

Gjerland meiner 13 år er ei passande grense, fordi det er då ein startar på ungdomsskulen.

– Viss ein set grensa på 13, er det ikkje fare for at dei kriminelle byrjar å utnytte 11-åringane, 10-åringane og 9-åringane?

– Det trur eg er veldig usannsynleg, med tanke på at då går ein på barneskulen. Ein har meir oppfølging og tettare dialog med skulen enn det sjølvstendet ein får når ein byrjar på ungdomsskulen.

Unge Høgre vil:

  • Ha fleire politifolk i gatene.
  • Prioritere større og meir robuste politieiningar og plassere politistasjonane der det skjer kriminalitet.
  • Ha strenge straffer for dei som gjer kriminelle handlingar i Noreg.
  • Senke den kriminelle lågalderen til 13 år ved alvorlege lovbrot.
  • Opne for å straffeforfølge foreldre for barns handlingar i svært alvorleg valds- eller gjengkriminalitet.
  • Auke straffa for å ha i ulovleg våpen.
  • At rehabilitering skal vere hovudmålet for soning i norske fengsel.

Kjelde: ungehoyre.no

Splitta moderparti

Spørsmålet om å senke den kriminelle lågalderen splittar redaksjonskomiteen til Høgre, som har vurdert endringar i partiprogrammet. Saka skal avgjerast på landsmøtet som startar på Gardermoen i dag.

Høgre-leiar Erna Solberg vil behalde dagens lågalder på 15 år.

– Eg vil ikkje senke den kriminelle lågalderen, det har eg vore tydeleg på i mange år. Men vi må ha reaksjonar mot barn som gjer seg skuldig i kriminelle handlingar. Vi har føreslått at vi kan bruke meir tvang mot barn under 15 år, seier Solberg til NRK.

Forslaget om å setje lågalderen til 13 år, er innstilt avvist av komiteen, men fem medlemmer har teke dissens og ønskjer å senke lågalderen.

Eit anna forslag om å sørge for at barn under den kriminelle lågalderen møter konsekvensar og oppfølging ved gjentatt eller alvorleg kriminalitet er anbefalt vedtatt.

Framstegspartiet har allereie programfesta å senke den kriminelle lågalderen til 14 år, slik regelen var i Noreg fram til lova vart endra i 1987.

Håpar på gjennomslag

Kitty Theobald Gjerland i Unge Høgre håpar dei får igjennom forslaget. Det skal takast opp på landsmøtet fredag 21. mars.

– Eg trur at stadig fleire blir klare over at det er eit problem, men eg trur at dagens politikarar ikkje heilt har tort å sjå på løysingane, seier ho om utviklinga i ungdomskriminaliteten.

Ho hadde nyleg ein kronikk om temaet på nettsidene til NRK. I etterkant fekk ho tilbakemeldingar frå mellom anna miljøarbeidarar som syntest det var bra at ho løfta problemstillinga.

– At det er noko som har blitt litt tabu, noko som folk ikkje tør å snakke om, men at det er ei utfordring som verkeleg er der. Så eg håpar verkeleg at vi får det gjennom.


Oppdatering 24. mars: 

Høgre sitt landsmøte vedtok ikkje å senke den kriminelle lagålderen frå 15 til 13 år.