Dette er den nye leiaren i FpU

Noreg treng fridom, meiner den nyvalde FpU-leiaren

Åshild Slåen
Publisert

– Eg gler meg til å ta kampen vidare for ei friare framtid. Arbeidarpartiregjeringa har styrt landet i snart fem år og folk får stadig mindre fridom over eige liv og eigen kvardag, seier Lars Mikael Barstad Løvold i ei pressemelding, ifølgje NTB.

24-åringen frå Ålesund vart vald til ny leiar under ungdomspartiets landsmøte laurdag 11. april. Løvold tek over for Simen Velle, som har leia Framstegspartiets ungdom (FpU) i fire år, og som vart vald inn på Stortinget i 2025, då Frp fekk rekordoppslutning og gjorde det best i skulevalet.

Den nye leiaren av FpU studerer for å bli dataingeniør ved NTNU i heimbyen Ålesund. Før han vart vald som leiar var han 1. nestleiar i partiet, med ansvar for politisk utvikling.

– No treng Noreg fridom, enten det gjeld kva fag elevane skal ha på skulen, kvar dei skal få omsorg eller korleis dei vil organisere liva sine, seier Løvold vidare.

Fanesaka hans er klima og energipolitikk. Han får med seg Lars Andreas Scheide Vartdal som 1. nestleiar og Kasper Johansen som 2. nestleiar.

Vartdal kom inn som benkeforslag på landsmøtet, og vann over innstilte Angelika Bjørnerud, ifølgje Altinget. Nettstaden skriv at innstillinga skapte uro i organisasjonen fordi Bjørnerud og Løvold er kjærastar. Bjørnerud fekk plass i sentralstyret.

Valkomiteen skriv i innstillinga si at Løvold er «hardtarbeidande, og ein FpU-ar som har gitt alt for organisasjonen igjennom mange år».

I innstillinga uttaler Løvold at han vil fokusere på å bygge opp organisasjonen innanfrå, og at partiet treng sterke lokallag fram mot lokalvalet i 2027.