Regjeringa vil endre studieavgifta til internasjonale studentar

Regjeringa foreslår endringar i universitets- og høgskulelova, mellom anna lågare studieavgift for utanlandske studentar. NSO og SAIH meiner studieavgifta må fjernast heilt.

Einar Nygaard
Publisert

– Noreg er eit lite land, og i urolege tider treng vi meir samarbeid med resten av verda. Vi skal vere attraktive for internasjonale studentar, og då må norske universitet og høgskular kunne setje konkurransedyktige prisar.

Forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap). Foto: Stian Lysberg Solum / NTB / NPK

Det seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) i ei pressemelding.

I 2023 vart det innført studieavgift for studentar frå land utanfor EØS og Sveits. Prisane i dag varierer mellom fag og utdanningsinstitusjon. Ei profesjonsutdanning i medisin på Universitetet i Oslo kostar til dømes 550 000 kroner i året per 2025.

Sidan ordninga kom, har ho fått kritikk, mellom anna frå Norsk studentorganisasjon (NSO) og Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH).

No føreslår regjeringa å endre ordninga, slik at utdanningsinstitusjonane sjølv kan justere avgifta. Argumentet er at dei då skal kunne tilpasse prisane for å styrke rekrutteringa til faga som treng det.

Sigve Næss Røtvold er leiar i Norsk studentorganisasjon (NSO). Foto: NSO / Skjalg Bøhmer Vold

– Må fjernast heilt

NSO-leiar Sigve Næss Røtvold seier på telefon til Framtida.no at han framleis ikkje nøgd med ordninga.

– Vi har vore tydelege frå dag éin om at denne ordninga må fjernast heilt, seier han, og held fram:

– Sjølv om ei redusering er betre enn fullpris, bør regjeringa her ta ansvar om dei vil bevare prinsippet om gratis utdanning.

Henriette R. Johnstone i SAIH. | Foto: SAIH

Også Henriette Reierson Johnstone, leiar i SAIH, ønskjer at avgifta skal fjernast heilt.

– Fleksibilitet høyrest fint ut på papiret, men dersom rekninga berre blir skyvd over på universiteta, står vi framleis på staden kvil. Når økonomien allereie er trong, er det lite truleg at universiteta klarer å prioritere dette, uttalar Johnstone til Framtida.no via ein kommunikasjonsrådgivar.

Færre internasjonale studentar

Etter at studieavgift vart innført, har talet på nye studentar gått ned med rundt 80 prosent, ifølge regjeringa.

Næss Røtvold i NSO meiner internasjonale studentar gir eit meir dynamisk og rikt læringsmiljø, og samspel mellom kulturar.

– Vi har eit stort kompetanseunderskot, og vi treng at flinke folk kjem til Noreg for å jobbe. Om vi vil vere attraktive for dei internasjonale studentane, er det naudsynt å halde på eit av våre beste konkurransefortrinn; gratis skule, meiner han.

Også Johnstone i SAIH meiner internasjonale studentar gjer norsk høgare utdanning betre.

– Norsk høgare utdanning kan ikkje vekse seg sterk ved å sjå innover. Vi blir klokare av verda, ikkje av isolasjon, seier ho.

– Trur de dette vil føre til ein auke i internasjonale studentar?

– Det må jo vere målet. Viss ikkje, er heile lovendringa meiningslaus. Det enklaste og mest treffsikre tiltaket vil likevel vere å fjerne studieavgiftene heilt, meiner Johnstone.

Fleire endringsforslag

I same høyringsforslag ønskjer regjeringa også å sette makspris for advokatutgifter i fuskesaker, og å avvikle blind klagesensur. Det inneber at klagesensor får innsyn i både klagen og den opphavlege vurderinga, i tråd med prinsippa i forvaltningslova.

– Vi meiner ein open klagesensur vil gi studentane betre rettstryggleik og eit betre grunnlag for rett vedtak, seier forskings- og høgare utdanningsminister Aasland i pressemeldinga.

Næss Røtvold frå NSO er ikkje sikker på om det er ei god løysing.

– Det gjenstår å sjå. Studentane bør i hovudsak få velje sjølv. Det kan heller ikkje bli slik at den nye sensoren berre ta utgangspunkt i tidlegare karakter, men gjer ein sjølvstendig vurdering, seier han.