Nynorsk-debuterte som Trump – no får ho nynorskpris
Natalie Bjerke Roland (30) får Hulda Garborg-stipendet for 2026.
Det melder Det Norske Teatret på Facebook.
Natalie Bjerke Roland har det siste året vore å sjå i rolla som Donald Trump i framsyninga Europavisjonar på Det Norske Teatret. Rolla var debuten hennar som nynorsk-skodespelar.
Seinare har ho mellom anna stått på scena som Pippi Langstrømpe, og i stykka Sukker, Arv og miljø og Søstrene.
– Med språkleg presisjon, leik og musikalitet har Natalie Bjerke Roland frå første stund omfamna det nynorske scenespråket, og har imponert ved bevisst å bruke språket som ein sentral del av rollearbeidet i dei produksjonane ho har vore ein del av, står det i grunngjevinga til juryen.
– Det er utruleg stas, og litt uventa, for å vere ærleg, seier Roland på telefon til Framtida.
Ho ser på prisen som ei anerkjenning og ei stadfesting av at ho gjer noko rett og beveger seg i rett retning.
– Å spele på nynorsk var heilt nytt for meg då eg byrja på teateret her. No har det snike seg inn i daglegtalen min, til dømes når eg seier «eg elskar deg» til kjærasten min, seier ho.
Hulda Garborg-stipendet
Stipendet på 10 000 kroner vert delt ut frå Hulda Garborgs stipendfond, og går til ein skodespelar som nyttar nynorsk på scena. Juryen vert peikt ut av styret i Samlaget, styret og tilsette ved Det Norske Teatret.
Kjente på Trump-sorg
– Korleis var det å gjere Trump på nynorsk?
– Det er ei utfordring eg aldri hadde trudd eg skulle få! Men det er noko av det morosamaste eg har gjort. Det var ei blanding av æresfrykt og generell angst, til ei kjensle av å ville stick it to the man, seier Roland.
Ho har ein far frå USA, og røysta sjølv i valet då Trump vart president for andre gong.
– Eg kjente på ei ekte, djup sorg over at han vart vald, og eg ville gjere noko som var av høg kvalitet, ikkje berre tull og fjas. Eg hadde så lyst til å gjere det ordentleg, gjere ein god parodi, få det til med nynorsken og at folk skulle kunne le av det.
Ho fortel at ho lenge syntest det var vanskeleg å snakke som Trump på nynorsk. Det kravde mykje arbeid.
– Eg er kvinne, og vi snakkar heilt annleis. Eg måtte jobbe for å få nynorsken til å vere naturleg. Og eg skjøna fort at det var ei veldig fysisk rolle. Kva gjer eg med hendene, kva skjer med stemma når eg lener på hovudet. Det var mange spørsmål eg forska på. Eg filma meg sjølv mykje medan eg heldt på – filmar som eg aldri kjem til å vise til nokon! Men det var veldig nyttig å samanlikne, fortel ho.
Impro-utfordring
Roland, som er frå Porsgrunn, fortel at nynorsken hjelpte henne med å finne tilbake til røtene i dialekta frå heimtraktene. Ho hadde eit introkurs til nynorsk med Ane Dahl Torp, som rådde alle som hadde røter utanfor Oslo, til å finne tilbake til ord og uttrykk som ikkje er vanlege i oslomålet.
– I Telemark har vi mange som talar dialekt, og eg hadde ei utømmeleg kjelde i vener og kjende, og i erfaringar frå tidlegare i livet, seier ho.
Ho fortel at ho også likar føringane og rammene nynorsken gir for skodespelet. Men den største utfordringa i byrjinga, var å improvisere.
– I Europavisjonar er det ei scene kor vi går ut blant publikum, kor det er rom for improvisasjon. Eg vart heilt stum og tenkte eg burde hatt med meg ordbok! Men no når språket har sett seg meir i kroppen, og eg har bygt opp banken gjennom fleire manus, er det ganske gøy. Det er så mykje musikalitet og leik i språket, og så mange deilige konsonantar som eg trur eg tar meir tak i når eg speler på nynorsk.
Roland seier at det som skodespelar er lett å lene seg på det språket ein opplever som naturleg, men på normert nynorsk må ein finne ut ting på nytt.
– Det trur eg er litt sunt for skodespelarar, seier ho.







