Regjeringa fjernar ikkje fråværsgrensa på 10 prosent i skulen
Dei går heller inn for eigenmelding frå elevar.
Det er uaktuelt for regjeringa å fjerne fråværsgrensa på 10 prosent i skulen. Dei vil gjere reglane meir lik dei i arbeidslivet.
– Vi skal ha ei tydeleg forventning om at elevane møter opp. Derfor fører vi vidare fråværsgrensa på 10 prosent, men vi gjer endringar som minner meir om dei reglane vi har i arbeidslivet, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) til Aftenposten.
Frå skulestart neste år treng ikkje ein elev å gå til lege for å få attest på sjukdom.
– No skal alt sjukefråvær opp til 10 prosent meldast av eleven sjølv. Først når fråværet har nådd 10 prosent i eit fag, må eleven dokumentere sjukefråvær med attest frå helsepersonell, seier Nordtun.