ANSA om akademisk fridom i USA: – Lurt å sjå på andre engelskspråklege alternativ
Ansa-leiar Øyvind Bryhn Pettersen håpar norske studentar vil studere i utlandet òg i framtida.

– Vi følgjer nøye med på det som skjer og opprettheld tett kontakt med tillitsvalde i USA, seier Øyvind Bryhn Pettersen på telefon til Framtida.no.
Han er president i ANSA (Association of Norwegian Students Abroad), som gir råd, støtte og informasjon til norske studentar som studerer eller vil studere i utlandet.
Dei amerikanske styresmaktene har den siste tida blitt mykje strengare når det kjem til besøkande til landet.
Fire tyske statsborgarar har vore fengsla av ICE (Immigration and Customs Enforcement) i 2025, og fleire europeiske utanriksdepartement har endra reiseråd for USA. Styresmaktene skal også ha trekt tilbake over 300 studentvisum i samband med det dei reknar som anti-israelsk retorikk ved universitet, ifølgje utanriksminister Marco Rubio.
Pettersen meiner det er viktig at norske studentar følgjer med på kva som skjer.
– Det har gått fint så langt, men UD har nettopp oppdatert reiseråda sine for USA, så vi vil jo tilrå studentar å sette seg inn i lokale forhold i USA og følgje lokale styresmakter sine råd og rettleiingar.
Åtvarar mot å demonstrere
I utgangspunktet kan nordmenn med ein godkjent ESTA-søknad besøke USA visumfritt i 90 dagar, men i dei nye reiseråda er det gjort tydeleg at immigrasjonsmyndigheitene på grensa tek den endelege avgjerda.
Dersom du er trans, blir det også understreka at det berre er to kjønn å velje mellom når du søker om ESTA eller visum, og at USA berre anerkjenner kjønn ved fødselen.
– UD oppfordrar også norske borgarar til utøve aktsemd og unngå demonstrasjonar, seier Pettersen.
– Studentar er jo ofte engasjerte, kva synest du om det rådet?
– Studentsolidaritet er ei naturleg forlenging av arbeidet vårt, og vi i Ansa støttar studentar si historiske rolle som ei kraft mot krig og undertrykking.
Han understrekar at studentar, som andre, skal ha fridomen til å vere kritiske til etablerte tankesett og kunne utøve dei politiske rettane sine.
Ikkje fleire som tek kontakt
Totalt var det 1504 norske gradsstudentar og 603 utvekslingsstudentar i USA i studieåret 2023/2024, ifølgje Lånekassen. Det er ein nedgang sidan 2021 og 2022, men USA er framleis blant dei fem mest populære landa for norske studentar å reise til.
Førebels har ikkje Ansa merka at fleire er bekymra eller tek kontakt med organisasjonen når det kjem til utveksling til USA. Det er framleis eit populært land, med fleire utvekslingsavtaler.
– Det er nok eit resultat av at den politiske situasjonen ikkje påverkar kvardagen i USA i nokon nemneverdig grad for desse studentane, seier Pettersen.
Det tyder ikkje at ein kan ignorere situasjonen. Utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap) har uttrykt bekymring over at forskingsdata og artiklar har blitt fjerna i stort omfang frå offentlege nettstader, og at statlege middel blir brukt for å stanse forsking på inkludering og mangfald.
– Vi vurderer ulike tiltak, og har dialog både med forskingsmiljø i Noreg og med kollegaar i andre land. Eg har også invitert mine nordiske kollegaar til eit møte for å diskutere korleis vi skal møte utfordringane, sa Aasland til Khrono førre veke.
Påverkar akademisk fridom
Pettersen ser ikkje bort frå at dei restriksjonane som kjem frå Trump-administrasjonen vil påverke studentar i framtida.
– Viss du vurderer å studere der og er bekymra for akademisk fridom og tryggleik, så kan det vere lurt å sjå på andre engelskspråklege alternativ.
Han trekker fram Canada, Storbritannia, Australia eller Nederland som populære alternativ.
– Der kan det verke som om ytringsfridomen er meir vareteken i dag.
Likevel håpar han at dette ikkje fører til at færre reiser på utveksling. Pettersen rår studentar til å følgje med på nyheiter, og seier at Ansa står klar til å hjelpe dersom det er naudsynt. Han viser også til samarbeidet deira med den norske sjømannskyrkja i USA og Utanriksdepartementet, som er der om det oppstår ein beredskapssituasjon.
– Ikkje ver redd for å reise. Kom gjerne til Ansa med bekymringar, men det er ikkje farleg. Ein har framleis mykje å tene på å reise til utlandet, både som individ og som verdssamfunn. Vi treng å samarbeide og då er det viktig å ha god og hyppig studentutveksling så ein skapar varige band mellom land.