Den påtroppande leiaren i Skeiv Ungdom brukar mykje tid på aktivisme og brenn særleg for rettane til transpersonar.

– Me står ovanfor mange store kampar, men for meg blir nok det aller viktigaste i den kommande perioden å kjempa mot ytre høgres forsøk på å rulla tilbake rettane til skeive, skriv Rebecca Zahl i ein e-post til Framtida.no.
På landsmøtet i april vart ho valt til ny leiar i Skeiv Ungdom.
Rebecca Zahl
Alder: 26
Personleg pronomen: Ho/Dei
Frå: Skarnes
Yrke/utdanning: Fagbrev i Dataelektronikk
Favorittfag på skulen: Samfunnsfag
Ulike verv: Ingen andre noverande verv
– Me ser at i fleire land blir rettane til skeive angripne. Nyleg vedtok KrF at dei ønskjer å forby prideflagg i skulen, så me ser byrjinga på at den typen politikk kjem til Noreg òg.
Transrettar og møteplassar
Ei av dei viktigaste sakene for organisasjonen framover er å halda fram kampen for transpersonar sine rettar og eit verdig helsetilbod.
Skeiv Ungdom vil halda fram å vera ein trygg stad for unge skeive å vera og å finna seg sjølv, og læra barn og unge i skulen om skeiv historie og kultur.
– Me vedtok ein veldig god strategi på bygging av lokallag og verving. Det legg til rette for at eg kan reisa rundt og møta alle dei dyktige tillitsvalde og medlemmene me har rundt om i landet.

Jane-Victorius Bonsaksen, leiar i Skeiv ungdom. Foto: Ingvild Eide Leirfall
Zahl ynskjer å vera ein samlande leiar, som spelar andre gode.
– Om eg skal velja eitt førebilete må eg velja den førre styreleiaren min Jane-Victorius som har lagt ned så mykje arbeid for å stabla ein organisasjon med mange følgjefeil og usikker framtid tilbake på beina i perioden hens som leiar.
Transengasjement
– Eg brenn for eit betre helsetilbod for transpersonar og ein slutt på Rikshospitalets behandlingsmonopol. Eg brenn også for eit fritt Palestina, eit fritt Kurdistan, fred i Libanon, fred i Sudan og fred i Kongo, svarar Zahl på spørsmål om kva som er hennar hjartesaker.
26-åringen kom inn i Skeiv Ungdom i pandemiåret 2020.
– Det hjelpte meg veldig mykje å finna min eigen identitet, forklarar Zahl.
Ho opplevde vanskar med å få tilgang til det ho på papiret skulle ha rett til.
– Så eg ønskte å gi tilbake til ein organisasjon som allereie hadde gitt meg så mykje og samtidig kunne jobba for å gjera systemiske urettferder lettare å navigera for yngre transpersonar.
Palestina, kampsport og smarttelefon
– Idealsamfunnet hadde vore eit samfunn der ein hadde meir aksept for folk som er ulik ein sjølv, og der eit mangfald av menneske fekk leva likestilte liv. Og sjølvsagt eit samfunn utan krig.
Om ho skulle vakna opp til draumeoverskrifta si, hadde det stått: «Folkeretten vinn gjennom; Israel legg ned våpena og er villig til å forhandla om Palestinsk overtaking av sine originale område før 1948.»
På fritida er Zahl aktiv i palestinarørsla, trenar Aikido og ser frå tid til anna ein film eller serie for å slappa av.
– Kva er den største tidstjuven i din kvardag?
– Definitivt smarttelefonen min, har eg ein tom augneblink så blir han drege fram for å sjå om noko nytt har skjedd, sjølv om eg sjekka han for berre fem minutt sidan. Eg har lyst til å bli kvitt den som mange andre, men endring er jo litt skummelt.
– Korleis held du deg oppdatert?
– Hovudsakleg får eg nyheitene mine frå NRK, men har nyheitsvarsel frå eit par andre aviser òg. Så får eg ein del internasjonale nyheiter i feeden min på Instagram. Eg er også innom Blikk ein gong i blant.

Rebecca Zahl (i midten) saman med resten av det nye styret i Skeiv Ungdom. Foto: Mathias Olsen/Skeiv Ungdom

Amerikanske Marsha P. Johnson (1945 – 1992) har vore ein viktig figur i LHBT+-rørsla. Foto: Pay It No Mind, Wikimedia Commons (Fair Use)
Middag med Stonewall-heltinne
– Kva person – levande eller daud – ville du invitert på middag?
– Eg ville invitert Marsha P. Johnson, så kunne eg fått historia om kva som faktisk skjedde på Stonewall-opprøret.

Rebecca Zahl føretrekk katt, hyttetur og pizza.
– Kva for ei bok burde alle lesa?
– Eg er ingen stor boklesar eigentleg, eg er for oppteken ute i gatene med aktivisme til å få til å setja meg ned å lesa så mykje. Men tilrår alle å lesa seg opp om situasjonen i Palestina.
– Les også: «Født i rett kropp» av Luca Dalen Espseth som gir ei god innføring i korleis det er å vera trans og som gjer det tilgjengeleg for alle å forstå.
– Kva serie er ditt beste tips akkurat no?
– Når eg kjem heim frå ein lang dag på kontoret eller aktivisme liker eg å setja meg ned med noko morosamt eller litt hjernedødt, så eg vil tilrå «The Good Place».

Eleanor Shellstrop (Kirsten Bell) og Michael (Ted Danson) i The Good Place. Foto: NBC
– Kva låt får deg alltid i godt humør?
– Eg er ikkje ein person som klarer å velja ut ein song, men gi meg noko energisk med ein god beat så blir eg alltid i godt humør.