Ap sikrar fleirtal på Stortinget for å prisjustera studiestøtta: – Historisk
På landsmøtet i helga vedtok Arbeidarpartiet å knyta studiestøtta opp mot grunnbeløpet i folketrygda (G) og sikrar dermed fleirtal på Stortinget.

– Det er ein stor politisk siger, og eg vil gi honnør til NSO, AUF og dei andre ungdomsorganisasjonane som har løfta dette fram, seier utdanningspolitisk talsperson Lise Selnes (Ap) til Khrono.
Arbeidarpartiets vedtak betyr at det no er fleirtal på Stortinget. Senterpartiet vedtok på landsmøtet sitt å knyta studiestøtta til 1,5 G. SV gjekk endå lenger og vedtok å knyta studiestøtta til 2 G, medan Venstre har vedteke å knyta den til 1,5 G.
Partia har 97 av 169 representantar på Stortinget.
Historisk vedtak
Leiar Kaja Ingdal Hovdenak i Norsk studentorganisasjon (NSO) seier at vedtaket er historisk.
–Det er historisk. Det har vore ei utruleg viktig kampsak for studentrørsla, og at Ap som eit styringsparti lyttar til oss, er utruleg viktig. Me skulle gjerne sett at studiestøtta vart sett litt høgare, til dømes 1,5 G, men det er eit stort steg i rett retning.
Organisasjonen har lenge kjempa for at studiestøtta skal vera på 1,5 G, tilsvarande 186.042 kroner. I dag er studiestøtta 166.859 kroner.
Studentane må likevel smørja seg med tolmod fram til neste stortingsperiode.
– Det krev nok eit val å få dette på plass. Fram til eit nytt stortingsval jobbar me ut frå det førre partiprogrammet. Samtidig diskuterer me korleis dette kan løysast, seier Selnes.