Tilskot til 2400 nye studentbustader: – Stor siger for studentane!
Husbanken har gitt pengar til bygging og rehabilitering av 3050 studentbustader i år. Tilskotsordninga vart auka i statsbudsjettet.

– Akkurat no er 5 000 studentbustader under bygging, og no held me fram satsinga med pengar til 3050 nye – det er dobbel rekord, seier forskings- og høgare utdanningsminister Sigrun Aasland (Ap).
Regjeringa opplyser i ei pressemelding at Husbanken i år har gitt tilskot til bygging av 2417 nye studentbustader og til oppussing av 633 eksisterande studentbustader i år.
Det er Oslo, Trondheim, Stavanger, Bergen og Ås som får mest tilskot.
– No satsar me på dei store byane, der behovet for studentbustader er størst. Det kan òg redusera presset på den private leigemarknaden, seier Aasland.
SV-siger
Det var SV som fekk forhandla inn meir pengar til studentbustader i forhandlingane med regjeringa om statsbudsjettet for i år.
– Dette viser at dei auka tilskotssatsane, som SV forhandla inn i statsbudsjettforliket med regjeringa, har hatt ein positiv effekt på studentbustadutbygginga, seier styreleiar Rita Hirsum Lystad i Samskipnadsrådet i ei pressemelding.
Rådet organiserer dei ulike studentsamskipnadene, som står for bygginga av studentbustadene.
– Dette er ein stor siger for studentane og eit viktig steg mot eit betre og meir føreseieleg bustadtilbod over heile landet, seier Lystad.
Mest til storbyane
69 prosent av tilskota er fordelte til dei store byane. 31 prosent går til mindre studiestader.
- Mest får Trondheim, der det er gitt tilskot til bygging av 629 nye bustader og til å pussa opp 51 gamle.
- Deretter følgjer Ås utanfor Oslo med 457 nye bustader.
- Stavanger får tilskot til 350 nye bustader og til oppussing av 5,5.
- Oslo får tilskot til å byggja 331 nye bustader og oppussing av 196.
- I Bergen skal det skal byggjast 246 nye og pussast opp 205.
SiO-jubel
Ved SiO er det også full jubel. Saman med tilskot frå Regjeringa får dei 331 millionar til studentbustadar i Oslo, skriv dei i ei pressemelding.
– Dette er heilt fantastisk for studentane i Oslo! Tilskotet bidreg til at vi kan sikre eit rimeleg, tilgjengeleg og berekraftig studentbustadtilbod. Det er ekstra viktig i eit tid der bustad- og leigemarknaden for studentar er ekstra pressa, seier Eilif Tanberg, student og styreleiar i SiO.