Rekord for yrkesfag – krise for matematikk
Stadig færre vel realfag. I 2024 var fyrste gong fleire valde yrkesfag enn studieførebuande det første året på vidaregåande.
![](https://framtida.no/wp-content/uploads/2024/06/Design-uten-navn-11-160x160.png)
Både talet og delen elevar som byrjar på yrkesfag, er i vekst, viser nye tal frå Utdanningsdirektoratet.
For fyrste gong har betydeleg fleire valt yrkesfag enn studieførebuande i sitt første år på vidaregåande skule. Størst er auken på teknologi og industrifag, og på helse- og oppvekstfag.
– Veldig bra
51 prosent av dei som byrja på vidaregåande hausten 2024, starta på yrkesfag. 400 fleire byrja på studieførebuande enn året før, medan 2300 fleire starta på yrkesfaglege program.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) er nøgd med auken i yrkesfagelevar.
– Vi treng fleire dyktige og dedikerte fagarbeidarar for å løyse dei store samfunnsutfordringane vi har framfor oss. Difor gjennomfører vi eit kraftig løft for yrkesfaga, og det ser vi resultat av, seier ho i ei pressemelding.
Vil endra læreplanen
Dei siste åra har stadig færre elevar på studiespesialisering vald realfag. I haust valde 34 prosent av elevane realfag som programområde. Det er også færre elevar som vel realfag som program- og valfag.
– Det norske samfunnet er avhengig av kompetanse i realfag, og det inkluderer mattekunnskapar. Fleire bransjar slit med å rekruttera nok folk med denne kompetansen. Difor må vi snu utviklinga seier Nordtun.
Fleire og fleire vel den enklaste matten, og færre tek fordjupinga som gjer at ein er kvalifisert til tekniske utdanningar.
Elevtalet i fordjupingsfaget Matematikk for samfunnsfag er no ein tredjedel av kva det var for fem år sidan.
Kunnskapsministeren meiner det er særs viktig at fleire vel matematikk som fordjuping, og seier at dei vil endra læreplanane slik at Matematikk for samfunnsfag igjen blir attraktivt for elevane å velja.