1. mars er den ordinære fristen for å søkja vidaregåande. Her er noko av det du bør tenkja på.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Både Elevorganisasjonen og Rådgiverforum Norge etterlyser kompetansekrav for rådgjevarar som skal rettleia elevar til å velja utdanning.

Desse tipsa er utarbeidd med hjelp frå leiar i Elevorganisasjonen Petter Andreas Lona og Liv Hofgaard, som har mastergrad i karriererettleiing og jobbar som rådgjevar ved Skeiane ungdomsskole i Sandnes.

❤️ Vel med hjartet

Kva interesser har du? Kva likte du då du var liten og kva likar du no? Er det ein raud tråd? Kva er du god på? Korleis ser du føre deg arbeidskvardagen og kva gjer du om ti år? Vel med hjartet.

👨‍👦 Rollemodellar

Kven er dine rollemodellar? Ein del har rollemodellar som har ulike yrke. Kanskje vil du bli det same som far, men reflekter over om det er det er noko du gjer for eigen del eller berre fordi pappa vil det.

🧑🏽‍🎓Delta i faget utdanningsval

Bruk alle 110 timane i faget utdanningsval på ungdomsskulen og bli med på alle arrangementa som skulen har, som utdanningsmesser og skulebesøk.

💡Bruk arbeidsveka

Arbeidsveka er litt ulik frå skule til skule, men vert ofte arrangert på niande trinn. Finn deg ein jobb som samsvarar med utdanningsprogrammet du er interessert i. Er du interessert i bygg kan det vera på byggeplass. Ikkje alle får tak i ein slik jobb, men alle jobbar er god læring.

👩🏿‍🏫 Bruk rådgjevaren

Korleis rådgjevaren jobbar varierer frå skule til skule. Nokre er inne i alle klassar tidleg og inviterer alle til individuelle samtalar. Uansett kan du oppsøkja rådgjevaren ved å banka på døra, ringja eller senda e-post. Lærarane dine kan òg hjelpa med spørsmål.

🧑‍💻 Finn informasjon på nett

Det finst veldig mange gode nettbaserte rådgjevingstenester. Vilbli.no og Utdanning.no er kjempegode ressursar.

👩‍🍳 Yrkesfag lukkar ingen dører

Ein lukkar ingen dører med yrkesfag. Ja, ein må ta påbygg, men det finst moglegheiter for å ta høgare utdanning. Det kjem til å bli fullføringsrett på vidaregåande og då lukkar ein i alle fall ingen dører. I tillegg kan du frå hausten av ta uavgrensa antal omval på vidaregåande fram til du fyller 19 år.

🫵 Det er du sjølv som vel

Bruk alle kjelder for å få fram fleire sider av saka og gjera deg opp ei meining. Ein kan ikkje berre basera seg på ein rådgjevar, for det er faktisk du sjølv som skal ta valet.