No kan du søkje på studieplass

Samordna opptak har torsdag opna portane for søknader på godt og vel 77.000 studieplassar på over 1800 studiar til hausten. Fristen er som vanleg 15. april.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

– Det er alltid ei glede å opne opptaket til høgare utdanning. Dei vi utdannar i dag skal løyse utfordringane i framtida, og då er det godt å sjå breidda i studietilbod som blir lyst ut både på fagskulane, universiteta og høgskulane, seier Sveinung Skule, direktør i Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i ei pressemelding.

Ikkje spesielle opptakskrav for sjukepleie

På universitet og høgskular er det over 64.499 studieplassar på 1383 studiar, medan det er 463 studiar som er tilgjengelege på fagskule. 99 av desse studiane er tilgjengelege for første gong i år.

Frå og med i år er det ikkje spesielle opptakskrav for sjukepleiestudium, det held å ha generell studiekompetanse.

Ein del lærarstudiar har framleis spesielle krav.

– Søkjarane har framleis god tid til å bestemme seg for kva utdanningar dei skal søkje på. Ordinær søknadsfrist er 15. april, seier Skule.