Desse orda slår me oftast opp

Dette er dei ti orda som oftast blei søkte på i Nynorskordboka i fjor.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Denne lista over stort sett sterke verb er rimeleg lik frå år til år, og først og fremst fortel det mykje om at mange brukar Bokmålsordboka og Nynorskordboka når dei skriv, for å vere sikre på å få bøyingane rett.

Det forklarar Margunn Rauset, leiar for ordbokmiljøet ved UiB, i ein e-post.

Framtida.no har teke kontakt for å få ei oversikt over dei ti mest søkte orda i Nynorskordboka i 2024. Lista er som følgjer:

  • skrive
  • bli
  • komme
  • vere
  • finne
  • bruke
  • menneske
  • ta

(Sjå ei fullstendig oversikt over bøyingane nedst i saka).

– Det seier noko om kva ord folk tykkjer er vanskelege, men ikkje berre i nynorsk, for i Bokmålsordboka er det skrive, være, bli, komme, gjøre, skrive, se, si, de og noen – med andre ord eit godt overlapp. Andre ordbøker kan ha ganske annleis søkjeprofil med meir innslag av t.d. nyord og framandord, som kan vere ein peikepinn på at dei i større grad blir brukte når folk treng hjelp til å forstå kva ord betyr.

Dei ti orda som oftast blei søkte på i Nynorskordboka i fjor:

Å skrive (verb)

infinitiv presens preteritum presens perfektum imperativ
å skriva/å skrive skriv skreiv har skrive skriv!

perfektum partisipp presens partisipp
hankjønn /
hokjønn
inkjekjønn bunden form fleirtal
skriven + substantiv skrive + substantiv den/det skrivne + substantiv skrivne + substantiv skrivande

 


Å bli (verb)

infinitiv presens preteritum presens perfektum imperativ
å bli blir blei/vart har blitt bli!
vart har vorte

perfektum partisipp presens partisipp
hankjønn /
hokjønn
inkjekjønn bunden form fleirtal
blitt + substantiv blitt + substantiv den/det blitt + substantiv blitt + substantiv blivande
vorten + substantiv vorte + substantiv den/det vortne + substantiv vortne + substantiv

 


Å komme (verb)

infinitiv presens preteritum presens perfektum imperativ
å koma/å kome kjem kom har kome kom!
å komma/å komme har komme

 

perfektum partisipp presens partisipp
hankjønn /
hokjønn
inkjekjønn bunden form fleirtal
komen + substantiv kome + substantiv den/det komne + substantiv komne + substantiv komande
kommen + substantiv komme + substantiv kommande

 


Å vere (verb)

infinitiv presens preteritum presens perfektum imperativ
å vera/å vere er var har vore ver!

 

perfektum partisipp presens partisipp
hankjønn /
hokjønn
inkjekjønn bunden form fleirtal
voren + substantiv vore + substantiv den/det vorne + substantiv vorne + substantiv verande

 


Å gå (verb)

infinitiv presens preteritum presens perfektum imperativ
å  går gjekk har gått !

 

perfektum partisipp presens partisipp
hankjønn /
hokjønn
inkjekjønn bunden form fleirtal
gått + substantiv gått + substantiv den/det gåtte + substantiv gåtte + substantiv gåande

 


Å få (verb)

infinitiv presens preteritum presens perfektum imperativ
å  får fekk har fått !

 

perfektum partisipp presens partisipp
hankjønn /
hokjønn
inkjekjønn bunden form fleirtal
fått + substantiv fått + substantiv den/det fåtte + substantiv fåtte + substantiv fåande

 


Å finne (verb)

infinitiv presens preteritum presens perfektum imperativ
å finna/

å finne

finn fann har funne finn!

 

perfektum partisipp presens partisipp
hankjønn /
hokjønn
inkjekjønn bunden form fleirtal
funnen + substantiv funne + substantiv den/det funne + substantiv funne + substantiv finnande

 


Å bruke (verb)

infinitiv presens preteritum presens perfektum imperativ
å brukaå bruke brukar/bruker brukte har brukt bruk!
brukar bruka har bruka bruk! bruka! bruke!

 

perfektum partisipp presens partisipp
hankjønn /
hokjønn
inkjekjønn bunden form fleirtal
brukt + substantiv brukt + substantiv den/det brukte + substantiv brukte + substantiv brukande
bruka + substantiv bruka + substantiv den/det bruka + substantiv bruka + substantiv

 


Menneske (inkjekjønn)

eintal fleirtal
ubunden form bunden form ubunden form bunden form
eit menneske mennesket menneske menneska

 


Å ta (verb)

infinitiv presens preteritum presens perfektum imperativ
å ta tar tok har tatt ta!
tek har teke
å taka/å take tak!

 

perfektum partisipp presens partisipp
hankjønn /
hokjønn
inkjekjønn bunden form fleirtal
tatt + substantiv tatt + substantiv den/det tatte + substantiv tatte + substantiv takande
teken + substantiv teke + substantiv den/det tekne + substantiv tekne + substantiv