Kritisk til eksamensavgift: – Du skal ikkje straffast for å forbetre deg

Frå neste år kan studentar måtte betale for å betre eksamenskarakteren sin. Vi har spurt studentar kva dei synest om regjeringa sitt forslag.

Åshild Slåen og Mia Karlsrud (OD-elev)
Publisert

– Det er å straffe studentar for å betre sin eigen kompetanse, som er heilt feil veg å gå. Det er berre eit steg mot å innføre skulepengar, seier Kaja Ingdal Hovdenak på telefon til Framtida.

Ho er leiar i Norsk Studentorganisasjon, som i går arrangerte ein demonstrasjon framfor Stortinget. Ein av tinga dei protesterte mot er den føreslåtte eksamensavgifta.

Kaja Hovdenak er leiar i Norsk studentorganisasjon. | Foto: NSO

I årets statsbudsjett har regjeringa føreslått å innføre ei avgift for dei som vil betre karakteren sin ved å ta eksamen på nytt. Det meiner Hovdenak er eit åtak på gratisprinsippet innan høgare utdanning.

– Det blir ikkje gratis om det er ein økonomisk skilnad i om du kan betre karakteren din for å kome inn på masterprogrammet du vil.

Gratisprinsippet står fjellstøtt

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp).

Forskings- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel er ueinig NSO si skildring av forslaget.

– Gratisprinsippet i høgare utdanning står fjellstøtt. Dette grepet handlar primært om at vi må unngå å bruke for mykje ressursar på at studentar tar opp att eksamenar som dei allereie har bestått, skriv han i ein e-post til Framtida.

Det reagerer Hovdenak på.

– Når statsråden omtaler gratisprinsippet som fjellstøtt, så lurer eg på kva for ustabilt fjell dette er.

Eksamensavgifta skal gjere opp for eit kutt på 22 millionar kroner til universiteta og høgskulane. Då vil ho ligge på rundt 700–800 kroner. Det er opp til institusjonane sjølv om dei vil innføre avgifta.

Universitetet i Bergen har allereie sagt dei vil boikotte ei slik avgift.

Framtida har møtt studentar i Oslo for å høyre kva dei sjølv meiner om eksamensavgifta.

Emilie Hermann (24)

Emilie Hermann studerer rettsvitskap ved Universitetet i Oslo. Ho har aldri tatt opp eksamen, men håpar at økonomien ikkje vil påverke moglegheita hennar til det.

– Eg blir med éin gong skeptisk. Ein tenkjer kanskje at 700–800 kroner ikkje er så mykje, men som student har ein ofte trong økonomi, og då kan det fort hende at ein ikkje kan ta seg råd til det.

Sjølv kunne ho tatt opp eksamen fordi ho har ein deltidsjobb, men ho har full forståing for dei som ikkje kan det.

Emilie Hermann meiner eksamensavgift kan føre til klasseskilje i utdanning. | Foto: Mia Karlsrud
Francis Colley synest det går bra med eksamensavgift, så lenge det er ein rimeleg kostnad. | Foto: Åshild Slåen

Francis Colley (27)

– Det er ikkje så mykje, så det høyrest greitt ut for meg, seier Francis Colley til Framtida.

Han studerer for å bli grunnskulelærar på OsloMet.

– Har du tatt opp eksamen før?

– Ja, på vidaregåande, men det er jo veldig mykje dyrare.

– Hadde du tatt opp eksamen om du måtte betale?

– Eg kunne jo det, men om eg har bestått, har eg bestått.

Emma Mindegård (27)

– Nei, eg synest ikkje noko om det, seier Emma Mindegård, som studerer bibliotek- og informasjonsvitskap på OsloMet.

Mindegård trur sjansen for at ho hadde tatt om igjen eksamen hadde vore mindre med eksamensavgift. Ho viser til at skuleeksamen kjem på ein tilfeldig dag, og at forma kan variere frå dag til dag.

– Om det fører til eit resultat som du ikkje er fornøgd med, synest eg ikkje du skal straffast for å prøve å forbetre deg.

Emma Mindegård vil ikkje at det skal straffe seg å prøve å betre karakterane sine.

Auka gjennomføring

Kunnskapsdepartementet opplyser til Framtida på e-post at det vart registrert 29 000 gjentak av tidlegare beståtte eksamenar i 2022. Om lag 30 prosent av desse møtte ikkje opp til eksamen dei hadde meldt seg opp til.

– Vi ønsker å stimulere til auka gjennomføring og sikre betre ressursbruk, skriv Hoel.

Han skriv at avgifta ikkje skal vere større enn kostnadane som utdanningsinstitusjonane har til å setje opp eksamen.

Hovdenak frå NSO meiner eksamensavgifta er ei av fleire politiske saker som viser at regjeringa ikkje prioriterer studentar. Studentane demonstrerer òg for høgare studiestøtte, og mot at mindre av studielånet blir gjort om til stipend før graden er fullført.

– Alle tiltaka regjeringa kjem med retta mot studentar har gjort at høgare utdanning blir ein studentfabrikk, der vi så fort som mogleg skal gjennom. Vi må slutte å sjå på studentar som ein utgiftspost, seier NSO-leiaren.