Ungdomspartileiardebatten: – Astrid Hoem er dagens vinnar

Det vart ein intens debatt mellom ungdomspartileiarane også i år, under årets Arendalsveke. Dei gamle er framleis eldst, og dei mest erfarne debattantane var også dei beste i årets debatt.

Edvard Storm Simonsen
Publisert

Raud Ungdom – Amrit Kaur

Amrit Kaur kom som ei kule inn i den politiske verda då ho vart skulda for å kuppe makta i Raud Ungdom for nokre månader sidan. Etter mange, mildt sagt friske, utspel og fleire unnskyldningar, var det interessant å sjå om det vart ei meir polert utgåve av Amrit Kaur vi ville få sjå i dag.

Det fekk vi ikkje.

Kaur er yngst og minst erfaren i panelet, og det er tydeleg. Ho har engasjement i bøtter og spann når ho først får prate. Ho seier ting som «Er det sånn at folkemord og menneskerettsbrot er greitt viss det gjeld brune barn?», og at Noreg har «tunga langt inn i rævva til USA». Kaur vil sikkert ha godt av å delta i fleire debattar, men er absolutt eit friskt pust.

Sosialistisk Ungdom – Audun Hammer Hovda

Den nyvalde leiaren av Sosialistisk Ungdom verkar som ein smart fyr, men er blant dei minst engasjerande debattantane i dag. Audun Hammer Hovda er lite synleg generelt, men litt tydelegare når det vart snakk om Palestina. Han kunne gjort meir ut av klimadebatten.

Podkast-mediet ville kanskje passa Hovda betre enn debatt med åtte andre ivrige ungdomspolitikarar.

AUF – Astrid Hoem

Astrid Hoem er dagens vinnar. Hoem er ein erfaren ungdomspolitikar og debattant, og det vart verkeleg tydeleg i debatten. Ho er kunnskapsrik, sterk retorisk og viser stort engasjement, særleg i si støtte til Palestina. Hoem snakkar med etos om eigne erfaringar frå besøk i Palestina og om vennar på Gaza-stripa. Ho ber dei andre debattantene på venstresida på skuldrene sine og er best av partia på venstresida i alle tema.

Det vart ein verdig siste debatt for den avtroppande AUF-leiaren.

Senterungdommen – Nils Forren

Mannen som kalla Arendalsuka for «Noregs største runkering» stiller som vikar for leiaren av Senterungdommen, Andrine Seppola, som var god i fjorårets debatt. Forren klarar ikkje å levere like godt. Han verkar å ha litt høg puls i starten, men blir etter kvart varm i den mønstrete skjorta.

Han seier til KrFU at dei «… faen ikkje leverer» når dei er i posisjon og til Raud Ungdom at «Senterpartiet samarbeider ikkje med kommunistar». Trass nokre kraftige one-linerar vert Forren litt for vag i det politiske og klarar ikkje skilje seg særleg ut.

Grøn Ungdom – Tobias Stokkeland

Tobias Stokkeland opnar showet med klimadebatt mot Simen Velle – eit draumetema. Her er han god, men han har også mykje å kome med i dei andre temaa i debatten.

Stokkeland er fritalande og morosam som vanleg. Har sitat som: «Fuck Hamas – for all del» og at klimaforsking støtta av oljenæringa er «litt som om han og Simen Velle skulle skrive ein rapport om Stortinget treng fleire kvite heterofile menn som brukte rusmiddel i 2018».

Grøn Ungdom-leiaren fekk som vanleg nemnt at han har budd i Eswatini, som gir truverd i bistandsdebatten.

KrFU – Hadle Rasmus Bjuland

I tillegg til Unge Venstre verka KrFU litt i utakt med resten av dei borgarlege partia. Hadle Rasmus Bjuland klarar seg greitt i duellen om Palestina mot Amrit Kaur.

Han er den første som nemner kjernekraft i energidebatten og køyrer hardt på det. KrFU-leiaren er engasjert og kunnskapsrik, men det er ikkje nokon særleg minneverdig debatt.

Unge Venstre – Ane Breivik

Ane Breivik er ueinig med den dødelege Svenneby-Velle-duoen i mykje, men må samstundes prøve å ikkje trakke for hardt på tærne til venane sine på høgresida. Ho klarar det til ei viss grad, men slit litt med å markere seg.

Unge Venstre-leiaren prøver å vere ein slags «vaksen i rommet» i Palestina-debatten og kritiserer alle dei andre for å «kjekle» om Hamas er ein terrororganisasjon eller ikkje, og om Palestina bør få leve utan okkupasjon.

Ryddig og god debatt frå Breivik, men ikkje noko meir enn det.

Unge Høgre – Ola Svenneby

Ola Svenneby er som vanleg ein flink debattant. Han verkar avslappa, nesten som om han koser seg. Det er ein hyggeleg augeblink når han og Astrid Hoem seier det er trist at det er siste gongen dei skal møtast i duell.

Unge Høgre-leiaren er klar og tydeleg i bodskapen sin. Han snakkar heller om Ukraina enn Palestina og angrip Raud Ungdom for Nato-motstand. Det er ikkje hans beste, men ein god debatt av Svenneby.

FpU – Simen Velle

Simen Velle er blitt ein ordentleg kjendis og viser kvifor han meiner han fortener ein plass på Stortinget ved neste val. Han er som vanleg flink til å prate for seg, og ikkje redd for å ta i.

Eit norsk EU-medlemskap med Framstegspartiet i regjering skjer ifølgje Velle «over mitt døde lik». Parisavtalen kallar han «ein forbanna stor vits».

Velle seier han er stolt av å vere nordmann og er tydeleg på at han meiner norske interesser må kome først.

Han har generelt god balanse mellom å vere sakleg og fritalande, men baserer seg tidvis litt mykje på (eit godt) manus.