Regjeringa varslar konsesjonsordning for datasenter

Datasenter med kryptoveremd skal ikkje bli prioritert i Noreg, ifølgje digitaliseringsdepartementet.

NPK-NTB-Eirik Husøy/Per Helge Berg/Tarjei Mo Batalden
Publisert

For å få kontroll på veksten av datasenter i Noreg vil regjeringa innføre ei konsesjonsordning. Ho omfattar både nye og eksisterande senter.

Konsesjonsordninga skal vere klar neste haust og stille krav til datasenter i Noreg.

– Formålet er å få meir kontroll på veksten blant datasenter og sørgje for at vi får dei datasentera vi faktisk treng, sa digitaliseringsminister Torgeir Michaelsen (Ap) under ein pressekonferanse måndag.

Grepet skal sørgje for at dei mest samfunnsnyttige datasentera kjem til Noreg.

– Datasenter som driv med kryptoverksemd, vil ikkje reknast som samfunnsnyttige, sa Michaelsen, men peika mellom anna på tenester innan helse, forsvar, mobilnettet og kunstig intelligens.

– Meir kontroll

– Sjølv om vi skal byggje ut meir kraft og meir nettkapasitet, så er det ikkje realistisk, heller ikkje ønskjeleg, å etablere så mange datasenter i Noreg som det vi ser konturane av no. Vi må ha ein kontrollert vekst av omsynet til nett, kraft og natur, sa energiminister Terje Aasland (Ap).

Samtidig varslar Michaelsen at det kan bli aktuelt med statleg eigarskap i særleg samfunnsviktige datasenterprosjekt.

I tillegg vil konsesjonsordninga også gjelde for eksisterande datasenter, seier Michaelsen.

– Det betyr at det vil gjelde for alle, også dei eksisterande og nye aktørar. Vi skal sjølvsagt ha dialog med bransjen om korleis vi kan forme ut overgangsordningar for eksisterande næringsliv. Det skulle berre mangle, seier han.

Statnett kjem også til å stille krav til datasenter framover.

Statnett innfører tiltak

Kort tid før pressekonferansen til regjeringa måndag morgon opplyste Statnett at dei innfører ein mellombels stans av ytterlegare reservasjon av nettkapasitet til datasenter. Noko av formålet er å skaffe seg meir kunnskap om denne typen forbruk.

– Denne avgjerda har dei teke på eige, fagleg grunnlag, sa Michaelsen.

– Tiltaka er nødvendige for å sikre forsvarleg drift av kraftsystemet, seier selskapet i ei pressemelding som kom knappe timen før pressekonferansen til regjeringa.

Statnetts tiltak inneber mellombels stans av nye tilknytingsreservasjonar og behandling av nye søknader om godkjenning av anleggsfunksjonalitet.

Straumkrevjande

Statnett har så langt i år teke imot søknader om rundt 26.000 megawatt med nytt forbruk i Noreg. Datasenter står for tre firedelar av desse førespurnadene, sa energiministeren på pressekonferansen.

– Det er meir enn heile Noregs forbruk i dag, sa Aasland.

Norske datasenter brukte 3,2 terawattimar straum i fjor. Det er fire gonger så mykje som for tre år sidan, viser ein rapport frå Menon Economics som regjeringa la fram i oktober. Datasentera står også for omtrent halvparten av straumen som er sett av til nye prosjekt i straumnettet.

– Vi må ha nok straum på rett stad til samfunnsnyttige formål. Derfor tek vi grep no, seier Aasland.

Ein rapport frå Teknologirådet konkluderte i fjor med at datasenter gir få faste jobbar, og at 90 prosent av dei er eigde av utanlandske selskap.

Framleis skeptisk

Partileiar Marie Sneve Martinussen i Raudt seier forslaget frå regjeringa om konsesjonsordning var på høg tid, men er framleis skeptisk.

– Vi fryktar at mange datasenter framleis kan kople seg på straumnettet og auke kraftforbruket, sjølv etter tiltaka til regjeringa. Eit konsesjonssystem for datasenter held ikkje, om ikkje dei internasjonale datasentera i tillegg blir sende bakarst i straumkøen, understrekar ho i ein kommentar til NTB.

Ho peikar på at Raudt har foreslått å gjere slik som Danmark, der datasenter utan samfunnskritiske oppgåver skal nedst på lista.

Saknar tempo

Også Høgre meiner det var på tide med ei konsesjonsordning.

– Vi saknar endå større klarleik og tempo frå regjeringa. Datasentera må bidra til ny kraftproduksjon og avlasting av kraftnettet, betre utnytting av overskotsvarmen og større nasjonale og lokale ringverknader. No er det på høg tid å få regelverket på plass, skriv energipolitisk talsmann Aleksander Stokkebø i ein e-post til NTB.

Senterpartiets Maren Grøthe ventar også høgt tempo frå regjeringa i saka.

– Det kan ikkje vere slik at datasenter brukar straumen og ressursane våre utan at lokalsamfunnet får noko igjen for det. Lokale bedrifter og folk flest må komme først. Vi må sikre at datasentera skaper jobbar og verdiar lokalt, seier Grøthe i ein kommentar til NTB.

Både SV, MDG, KrF, Sp og Raudt har kravd ein mellombels datasenter-stans til eit tydelegare regelverk er på plass, medan Frp, Ap og Høgre vil ha strengare kontroll og prioritering av kven som skal få kraft.

Førre tysdag avviste Stortinget eit forslag om å hastebehandle eit forslag om stans i tildelinga av straum til datasenter. Forslaget frå Raudt, MDG, SV, KrF og Sp skal behandlast i energi- og miljøkomiteen denne veka.