Fornybar energi hadde rekordstor auke i 2023

Målet om å tredoble fornybar energi innan utgangen av 2020-talet er innan rekkevidde.

Eirik Dyrøy Lotsberg
Publisert

I 2023 bygde Kina ut meir solenergi enn kva heile verda gjorde til saman året før.

Store utbyggingar innanfor solenergi er ein viktig grunn til at det i fjor vart gjort store framsteg innan fornybar energi i verda. Kapasiteten for fornybar energi vaks med 50 prosent, noko som er den største veksten på 20 år, ifølge det internasjonale energibyrået (IEA).

Også Europa, USA og Brasil har teke store steg. I dag er kol den viktigaste energikjelda for elektrisitet i verda, men med denne farta kan fornybar energi overta førsteplassen tidleg i 2025, ifølge IEA. Prognosane tilseier at fornybar energi kan stå for 42 prosent av den totale straumproduksjonen i verda innan 2028. Det er hovudsakleg venta kraftig vekst innan solenergi.

Nærare målet

På klimatoppmøtet cop28 i fjor vart verdsleiarane samde om å omstille seg vekk frå fossil energi. Eitt av måla som vart sett er å tredoble den globale kapasiteten for fornybar energi innan 2030.

Med fjorårets vekst tek verda eit viktig steg for å nå dette målet, slår IEA fast.

– Den nye IEA-rapporten viser at under noverande politikk og marknadstilhøve er den globale kapasiteten for fornybar energi allereie på kurs til å auke med 2,5 gonger innan 2030. Det er ikkje nok til å nå cop28-målet om ei tredobling, men vi beveger oss nærare – og styresmakter har vertøya ein treng for å lukke gapet, seier Faith Birol, dagleg leiar i IEA.


Illustrasjon: Canva/Framtida.no