Denne veka starta høyringa på Stortinget som skal undersøke om det har vore kameraderi og ukultur i Utanriksdepartementet, i lys av Epstein-avsløringane.
Kontroll- og konstitusjonskomitéen spurde mellom anna ut Børge Brende, som hadde personleg kontakt med Epstein medan han var president i World Economic Forum. Brende beklaga mellom anna at han har loge om kontakt med Epstein:
– Eg var nok redd for at kontakten ville bli tolka som noko meir enn den var. Og for at det ville råke forumet rett før Davos. Der viste eg dårleg dømmekraft, sa han.
Fleire andre tidlegare statsrådar avviste at dei har opplevd ukultur i Utanriksdepartementet, inkludert Jonas Gahr Støre, Erik Solheim og Heikki Holmås. KrF-leiar Dag-Inge Ulstein påpeikte derimot at UD har relasjonsbygging som kjerneoppgåve, og at det er ein risikofaktor for at nokon kan bli opptekne av å posisjonere seg for spennande oppdrag.
Børge Brende var utanriksminister for Høgre frå 2013 til 2017. | Foto: Heiko Junge / NTB
Statsministeren i Storbritannia luftar nytt EU-medlemskap
Andy Burnham, statsministeren i Storbritannia, meiner landet må revurdere forholdet sitt til EU. The Guardian melder at Statsministerens kontor har begynt å lodde stemninga for ei ny folkerøysting.
I sin første tale til Labour etter at han tiltredde som statsminister, sa Burnham at langtidsplanane for forholdet mellom Storbritannia og EU ikkje er gode nok, og at landet må sjå på ulike alternativ.
– Brexit har gjort meir skade enn godt. Vi må gjenopprette eit høgt nivå av vekst og framgang for Storbritannia, sa han.
Nordic Mining har tidlegare operert med eit varig utsleppsløyve. Dette løyvet vart kjent ugyldig av Høgsterett tidlegare i år.
Departementet har no suspendert dei gamle vedtaka om løyve, men gir i same vending mellombels utsleppsløyve til Nordic Mining. Det mellombelse løyvet, som tillèt utslepp på 4,5 millionar tonn gruveavfall, er vesentleg mindre enn det opphavelege, der storleiken var på inntil 170 millionar tonn. Miljødirektoratet vurderer at denne deponeringa ikkje kjem i konflikt med vassforskrifta, som var avgjerande i dommen frå Høgsterett.
Aksjonistar forsøkte å stoppe dumpinga i Førdefjorden i 2022. | Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Andrepilot forsøkte å styrte fly i Israel
Ein pilot vart knivstukken av andrepiloten sin under ei flyging frå Dubai til Tel Aviv. Andrepiloten skal deretter ha forsøkt å krasje flyet.
Piloten, som overlevde angrepet, klarte å opne låsen i døra til cockpiten, som gjorde at passasjerar og kabintilsette kunne komme inn og overmanne andrepiloten.
Før det skjedde, hadde flyet stupt med over 4 200 meter på under 30 sekund. Flyet naudlanda trygt i Tabuk i Saudi-Arabia.
Israelske styresmakter undersøker om det kan ha vore eit forsøk på eit terrorangrep mot Israel.
Yaniv Hayoun var ein av passasjerane som overvann andrepiloten som forsøkte å styrte flyet. Han hadde framleis blodflekkar på kleda då han landa i Israel. | Foto: AP Photo/Tomer Appelbaum
Manchester City er dømd for enormt pengejuks
Den engelske fotballklubben er skuldig i økonomisk juks på 11,2 milliardar kroner. Ein uavhengig kommisjon sett ned av Premier League har komme fram til at klubben har juksa med tala mellom 2009 og 2018.
Klubben skal mellom anna ha laga fiktive kontraktar med kommersielle partnarar for å kunstig blåse opp inntektene og redusere kostnadene til klubben. Dei skal også ha levert falske rekneskapar og skjult den faktiske situasjonen for revisorar og fotballstyresmakter. Representantar for klubben skal også ha loge under høyringa.
Sjølv nektar klubben for alle punkta.
Manchester City risikerer å bli straffa med bøter, poengtrekk eller utestenging frå Premier League.
Erling Braut Haaland og styreleiar Khaldoon Al Mubarak i Manchester City. | Foto: AP Photo/Jon Super
Lyspunkt: India investerer 19 milliardar dollar i fornybar energi
Den indiske regjeringa skal investere 1,36 billionar rupi i fornybar energi. Programmet skal styrke straumnettet og auke lagringskapasiteten i landet.
Målet er å nå Indias mål om ein fornybar energikapasitet på 900 GW innan 2035. I dag er kapasiteten på 300 GW. Til samanlikning har Norsk vasskraft totalt ein kapasitet på 34 GW.
Me bruker cookies og andre tekniske løysingar for å forbetra opplevinga di av nettstaden vår, analysera bruksmønster og levera relevante annonser. I den oppdaterte personvernerklæringa vår kan du lesa meir om kva for informasjon me samlar inn og korleis denne blir brukt. Les meir!Ok, eg forstår
Privacy & Cookies Policy
Privacy Overview
This website uses cookies to improve your experience while you navigate through the website. Out of these cookies, the cookies that are categorized as necessary are stored on your browser as they are essential for the working of basic functionalities of the website. We also use third-party cookies that help us analyze and understand how you use this website. These cookies will be stored in your browser only with your consent. You also have the option to opt-out of these cookies. But opting out of some of these cookies may have an effect on your browsing experience.
Necessary cookies are absolutely essential for the website to function properly. This category only includes cookies that ensures basic functionalities and security features of the website. These cookies do not store any personal information.
Any cookies that may not be particularly necessary for the website to function and is used specifically to collect user personal data via analytics, ads, other embedded contents are termed as non-necessary cookies. It is mandatory to procure user consent prior to running these cookies on your website.