Vil ikkje svara på om norsk oljepolitikk er rettferdig

Politikarane i Energidepartementet vil ikkje svara på om det er rettferdig at Noreg satsar på ny olje og gass.

Magnus Rotevatn
Publisert

Fem land i det globale nord, inkludert Noreg, står for meir enn halvparten av den planlagde auken i nye olje- og gassfelt fram mot 2050. Det kjem fram i ein analyse hjå den britiske avisa The Guardian.

Trass i at USA, Storbritannia, Australia, Canada og Noreg i liten grad er økonomisk avhengige av oljen samanlikna med andre oljestatar, så viser tal som The Guardian har fått tilgang til at det nett er desse landa som leiar an i leitinga etter ny olje og gas.

Ifylgje The Guardian står oljeleitinga til desse landa i vegen for dei internasjonale klimamåla og passar dårleg med biletet av Noreg som ein miljøvenleg nasjon.

Regjeringa i Noreg ynskjer likevel ikkje å trappa ned den norske petroleumsproduksjonen. Det stadfestar Elisabeth Sæther (Ap), som er statssekretær i Energideperatementet, overfor Framtida.

– Det er utsikter til at Europa har behov for all olje og gass me klarer å produsera, og det er betre at dette kjem frå Noreg enn frå andre verdsdelar, både med tanke på klima og energitryggleik, skriv Sæther i ein e-post til Framtida.

Ho meiner at petroleumsindustrien i Noreg skal utviklast, ikkje avviklast. Difor er det naudsynt å finna store nye ressursar for å unngå at produksjonen fell raskt

Vil ikkje svara om rettferd

Framtida har spurt den politiske leiinga i Energidepartementet om det er rettferdig at rike land – som Noreg – held fram med å produsera olje og gass. Dei har også blitt spurde om kva land som bør trappa ned produksjonen før Noreg og om norske styresmakter kan påverka andre land sånn at dei fasar ut petroleumsproduksjonen sin før oss.

Dette vel dei å ikkje svara på.

I staden trekkjer statssekretær Sæther fram positive trekk ved norsk petroleumsindustri og legg vekt på at mange europeiske land er avhengige av norsk olje og gass.

– Gjennom Parisavtalen har Noreg forplikta seg til å kutta utsleppa med 55 prosent innan 2030. Det er eit mål me skal nå saman med EU. Petroleumsnæringa er omfatta av EUs kvotesystem og betaler i tillegg ei høg CO₂-avgift. Verkemiddelbruken har ført til at Noreg har blant det lågaste utsleppet i verda frå produksjon av olje og gass, meiner Sæther.

Elisabeth Sæther | Foto: Naina Helen Jåma

Meiner at Noreg burde vore leiande

Ikkje alle er samde i at det er lurt og rettferdig at Noreg held fram med å vinna ut petroleum. Frøya Skjold Sjursæther, nestleiar i Grøn Ungdom, meiner at Noreg bør fasa ut oljeproduksjonen.

– Noreg er eit av verdas rikaste land og burde vore leiande i den grøne omstillinga.

Sjursæther meiner at det ikkje berre er omsynet til andre som talar for ein slutt på det norske oljeeventyret. Ho trur at tyrsta etter olje i Europa kjem til å bli mindre og meiner difor at ei nedtrapping av petroleumsproduksjonen også er viktig for å sikra vår eigen velstand.

– Noregs olje- og gasspolitikk står i stor kontrast til kva Europa og EU ber oss om. EU, vårt viktigaste og største handelsområde, skal nemleg vere fossilfritt innan 2050. Det er derfor mindre og mindre sannsynleg at vi vil tene pengar på oljeutvinning i framtida, fordi behovet for olje- og gass vil søkke, skriv Sjursæther i ei tekstmelding til Framtida.no.

Frøya Skjold Sjursæther | Foto: Privat