Forbrukarrådet åtvarar studentar: – Sjå bustaden før du leiger

Fleire er opne for å leige bustad utan å ha sett han først, ifølgje Forbrukarrådet. No åtvarar dei studentar mot fallgruvene i bustadmarknaden.

NPK-NTB
Publisert

Høge leigeprisar og bustadmangel har skapt lange ventelister for studentbustader i sommar. Fleire står i fare for å gjennomføre studiestart på sovesal.

Sju av ti studentar som er på bustadjakt, seier dei er opne for å leige utan å ha sett bustaden først, viser ei fersk undersøking frå YouGov, gjort på vegner av Forbrukarrådet.

Like mange oppgir at dei takka ja til bustaden usett sist dei flytta. Det er ein markant auke frå fjoråret.

– Gå på visning

Forbrukarrådet åtvarar mot å leige bustad usett, men dei forstår det kan vere vanskeleg.

Forbrukarjurist Nora Wennberg Gløersen i Forbrukarrådet har klare råd til studentar som skal inn i leigemarknaden. Foto: Forbrukarrådet / NTB / NPK

– Viss du ikkje har høve til å gå på visning sjølv, sjekk om du kjenner nokon som kan gå dit for deg, seier forbrukarjurist Nora Wennberg Gløersen i Forbrukarrådet i ei pressemelding.

– Uansett er det svært viktig at du inngår ein skriftleg kontrakt, der det kjem kva fram som inngår i leigeavtalen, seier ho.

Konflikt med utleigar

Kvart får Forbrukarrådet fleire førespurnader frå leigetakarar som opplever konfliktar med utleigar, og som lurer på kva rettar dei har. Gløersen har klare råd til leigetakarar for å unngå konflikt.

Ho tilrår å bruke Forbrukarrådets husleigekontrakt, som sikrar at leigeforholdet følgjer reglane i husleigelova. Gløersen rår også nyinnflytta leigetakarar å alltid ta ein grundig sjekk av bustaden for feil og manglar.

– Er det spikarhol i veggen, hakk i kjøkkenbenken eller andre synlege skadar eller manglar ved bustaden, bør du dokumentere desse på innflyttingsdagen. I verste fall kan utleigar krevje at du betaler for skadar som var der då du flytta inn, ved å trekkje frå depositumet, seier ho.

Tek depositum

Kvar sommar får Forbrukarrådet meldingar om at utleigarar tek leigetakarars pengar utan gyldig grunn. Gløersen åtvarar leigetakarar mot å overføre depositum direkte inn på utleigar sin konto.

Ho understrekar at depositum skal setjast inn på ein eigen depositumskonto i leigetakars namn.

Det er for at utleigar ikkje skal kunne ta pengane dine utan ein gyldig grunn.