Frå teseljar til statsminister – dette er Narendra Modi

Den 73 år gamle statsministeren går no inn i sin tredje periode som leiar av verdas mest folkerike land. Men kven er eigentleg Narendra Modi?

Åshild Slåen
Publisert

I 1950 er India eit heilt nytt land. Trass i tradisjonar som strekker seg tilbake fleire tusen år, er det berre tre år sidan dei reiv seg laus frå det britiske imperiet. Oppdelinga i forskjellige land for hinduar og muslimar er ferskt i minnet til dei fleste og Bangladesh eksisterer ikkje som noko anna enn den pakistanske provinsen Aust-Pakistan.

Det er i dette landet Narendra Damodardas Modi kjem til verda. Han blir fødd inn i ein handelsfamilie i byen Vadnagar, i den dåverande delstaten Bombay, seinare Gujarat.

Teseljar(ane) Modi

Forteljinga om unge Narendra, den tredje av seks barn, som står på togperrongen i Vadnagar og sel faren sin te, er godt kjent i India. Det audmjuke opphavet til den noverande statsministeren var noko han nemnde fleire gonger i valkampen i 2014, og den originale tebåsen har vore planlagt gjort om til ein turistattraksjon i fleire år.

Opphavshistoria er sjølvsagt også ein del av dramatiseringa av livet til Modi i Bollywood-filmen «PM Narendra Modi» frå 2019.

Den yngre broren Prahlad Modi har derimot sagt at det blir feil å seie at statsministeren var ein fattig «Chai Walla», ein tegut, då han voks opp.

– Kall han heller ein teseljars son. For faren vår selde te. Han oppdrog oss seks ved å selje te på ein mindre skala.

Det sa broren i ein gammal video som gjekk viralt for eit par år sidan.

Uansett kva som er tilfelle, er det noko vi veit sikkert om Modi sin barndom.

Då han var åtte år vart han involvert i den paramilitære og hindunasjonalistiske organisasjonen Rashtriya Swayamsevak Sangh (RSS).

Den hinduistiske nasjonalismen med fascistiske røter

RSS, eller den Nasjonale frivilligheitsorganisasjonen, er den største frivillige organisasjonen i verda, og dei fleste medlemar blir med når dei er veldig unge.

Organisasjonen vart starta i 1925 med mål om å styrke ein hinduistisk nasjon. I moderne tid har det vakse til ein stor nasjonalistisk organisasjon som har mykje påverknadskraft i dagens India. Dei driv skular og velgjerande tiltak, men dei og tilhengjarane deira blir også skulda for å medverke til vald mot kristne og muslimske minoritetar.

Då Modi vart medlem hadde organisasjonen allereie blitt bannlyst i to periodar. Ein av dei var i 1948, då ein tidlegare medlem drap Mahatma Gandhi. Dei vart også bannlyst seinare, i 1975, då statsminister Indira Gandhi erklærte unntakstilstand fram til 1977.

Indira Gandhi var svært populær då ha vart valt inn som Indias første kvinnelege statsminister i 1966, men vart meir autoritær utover i styret sitt. Foto: Anefo, CC0, via Wikimedia Commons

Då var Modi 25 år, og hadde arbeidd fast i RSS i fire år. Han og andre medlemar kjempa for å få slutt på unntakstilstanden, blant anna ved å dele ut tekstar som gjekk mot styresmaktene. Bannlysinga gjorde dette arbeidet ulovleg, og saman med mange opposisjonspolitikarar vart fleire RSS-medlemar arresterte mellom 1975 og 1977.

Modi klarte seg likevel godt, og stod støtt i organisasjonen etter unntakstilstanden var over.

Vegen til Gujarat

Utover 80-talet tok Modi sine første steg inn i politikken. I 1985 vart han medlem i Bharatiya Janata Party (BJP), eit hindunasjonalistisk parti med tette koplingar til RSS. Det er dette partiet som han no har leia i ei fleirtalsregjering i ti år.

Fram til 2001 hadde han fleire forskjellige sentrale verv i partiet, før han vart generalsekretær. 2001 var også året Modi vart ein av dei mektigaste personane i heimregionen sin.

Delstaten Bombay som Modi vart fødd inn i var blitt til Gujarat då han tok over som sjefsminister.

Då Modi tok over i oktober 2001, var området framleis skaka av eit jordskjelv som skjedde i januar. Opp til 20 000 menneske døydde som følgje av skjelvet, og 167 000 vart skadde.

I 2002 kom det ein ny tragedie til Gujarat. Handteringa til Modi er noko som framleis blir diskutert både i og utanfor India.

Gujarat-opptøyane

På morgonen 27. februar i 2002 byrja eit tog å brenne i nærleiken av Godhra togstasjon i Gujarat, etter ein konflikt mellom muslimar og hinduar. Det førte til at 59 hinduistiske pilegrimar, passasjerar på veg tilbake frå den heilage staden Ayodhya, brann i hel.

Kva som førte til brannen, er framleis uklart. Om sjølve brannen faktisk var eit terroråtak frå muslimar, slik seinare konspirasjonsteoriar seier, eller eit uhell, endrar ikkje det som skjedde etterpå.

Det vart raskt ei oppfatning av at brannen var organisert av pakistanske styresmakter, ved hjelp av lokale muslimar.

I tre dagar var det opptøyar og vald, hovudsakleg retta mot muslimar, der det ifølgje indiske styresmakter døydde 1044 personar. 790 av desse var muslimar, medan 254 var hinduar. Human Rights Watch (HRW) estimerer derimot at talet truleg er nærmare 2000 døde.

Valden sine spor

Ifølgje ein rapport frå 2002 frå HRW vart etterforskinga av togbrannen prioritert over dei valdelege opptøyane som kom etterpå. Rapporten skuldar dei lokale styresmaktene, leia av Modi, for å sakke ned og hindre etterforskinga av valden, og at rettssakene som faktisk vart gjennomført, ikkje var rettferdige eller upartiske. I tillegg viser dei til videoar av dei tiltalte etter opptøyane som pratar om at åtaka og valden mot muslimar var støtta av Modi.

USA nekta innreisevisum til den dåverande sjefsministeren i Gujarat i 2005, med grunngjevinga at han var direkte ansvarleg for brot på retten til religiøs fridom. Her la dei til grunn at Modi var ansvarleg for handlingane til styresmaktene i Gujarat både under og etter opptøyane.

Etterdønningane til opptøyane er noko som framleis blir merka i India. Seinast i mai i år, under valkampen, tok Modi opp dei som døde i togbrannen, og at dei ansvarlege ikkje hadde blitt straffa nok.

I 2023 forsøkte indiske styresmakter å hindre delinga av ein dokumentar frå BBC om Modi si rolle i valden som vart gjennomført mot muslimar i Gujarat.

Blandar politikk og religion

Trass i alt dette likte mange folk Narendra Modi som sjefsminister i Gujarat. Avhengig av kven du spør er han ein politikar som stødig leia Gujarat gjennom vanskelege tider, fram til han gjekk av som sjefsminister i 2014, eller ein nasjonalistisk politikar med muslimsk blod på hendene sine.

Den økonomiske oppgangen som regionen hadde under han, og som India som nasjon har hatt dei siste ti åra, er grunn god nok til at mange i både arbeidarklassen og middelklassen har stemt på han.

I tillegg appellerer han svært godt til den hinduistiske majoriteten i India. Han er ofte å sjå i hinduistiske seremoniar og i møte med heilage personar. Regjeringa hans har fått bygd opp i tempelet Ram Mandir i Ayodhya, der det fram til 1992 stod ein moské som vart riven av ein hinduistisk folkemasse.

Kvar månad adresserer han indarar gjennom radioprogrammet Man Ki baat, eller Prating frå hjartet. Der svarer han på lyttarspørsmål og gir råd til vanlege folk. Sjølv om han pratar om tiltak som regjeringa gjennomfører, som hygieneprogrammet Swachh Bharat Abhiyan, som skal gjere toalettfasilitetar betre, og tiltak mot naturkatastrofar som flaum, er det lite eksplisitt valkamp i sendinga.

Fødestaden er ein viktig del av identiteten til den noverande statsministeren. I den ganske imponerande bibliografien av bøker Modi har publisert, har han ei diktsamling som originalt vart skriven på morsmålet Gujarati.

Gjennom åra har han bygd opp eit bilete av seg sjølv som ein vis og religiøs mann, dedikert til landet sitt. Han tek seg ikkje fridagar frå jobben som statsminister og er vegetarianar (og kritiserer den politiske opposisjonen som ikkje er det).

Hindunasjonalisme og økonomisk politikk går hand i hand for Narendra Modi, og er noko av grunnen til at han tysdag kunne erklære siger i valet til nasjonalforsamlinga. Ein annan grunn er at det er vanskelegare å kome med kritisk journalistikk mot statsministeren i dagens India, og opposisjonen blir etterforska og fengsla meir enn regjeringspolitikarane.

Om 73 år gamle Narendra Modi kjem til å sitje endå eit tiår er vanskeleg å seie, men spora han set i Indias politiske landskap i dag kjem til å vere der lenge, på godt og vondt.

Foto: AP Photo / Manish Swarup

● Les også: Det store valåret 2024